• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Ny stortingsmelding om forsking – også for høgskulane?

1 år siden

Kunnskapsdepartementet planlegg ny forskingsmelding neste vår – det er ca 5 år sidan sist. I slutten av mars var det innspelkonferanse der forskingsråd, universitet, institutt og organisasjonar som UHR kom med innspel til kva som bør prege den nye meldinga.

I dei mange førebudde innlegga vart høgskulane sjeldan nemnde, men eg merka meg at både Kommunenes Sentralforbund (KS) og Norges forskningsråd var opptekne av forskingspotensialet ved høgskulane. Forskingsrådet skriv i sitt innspel at dei statlege høgskulane spelar ei viktig rolle med omsyn på regional innovasjon og forsking knytt til profesjonsutdanningane: ”Det er nødvendig å videreutvikle høyskolene som FoU-institusjoner ved at fagmiljøene ved høyskolene kan konsentrere og fokusere sin FoU-innsats mot de kompetanseområdene som høyskolene har et særlig ansvar for.”

Kunnskapsdepartementet var oppteken av kunnskapstriangelet som stadig vert viktigare – samspelet mellom utdanning, forsking og innovasjon. Og eg vil meine – ingen har betre føresetnader til å ta vare på dette samspelet enn nettopp høgskulane.

Den etablerte ordninga med nærings-PhD vart nemnd som eit viktig tiltak for å auke forskinga i næringslivet. Etter mi meining kunne dette blitt eit godt verkemiddel for høgskulane, men på grunn av manglande doktorgradsrett vert det i liten grad teke i bruk. På konferansen kom det forslag om å utvide denne ordninga til også å gjelde offentleg sektor.

I samband med ny forskingsmelding er det relevant å reflektere over det professor Dag Hessen ved UiO for ei tid tilbake uttala til Forskerforum om at ”Forsking bør ikkje utarte til breiddeidrett”. Hessen er kritisk til at alle små høgskulemiljø skal forske, og meiner at distriktspolitikk har for stor makt over norsk forskingspolitikk. Dess fleire miljø forskingsmidlane vert fordelte til, dess mindre forsking i det enkelte miljø, meiner Hessen.

Eg vil hevde at dette er ugrunna frykt, og at det er å gå baklengs inn i framtida. For det første brukar høgskulane i dag berre ein brøkdel av det universiteta brukar av forskingsmidlane. Og for det andre er det svært mykje som tyder på at det vert meir forskingsmidlar i åra som kjem – både over statsbudsjett og frå næringsliv. For Noreg vil det vere avgjerande at alle lukkast med planane om auka forskingsinnsats – også høgskulane. Og ikkje minst blir høgskulane viktige i høve til å ta ut potensialet i både næringsliv og offentleg sektor.

Tilbake til Dag Hessen, – og for å halde fram i idrettsterminologien: I framtida vil det innan norsk forsking vere behov for satsing både i topp og breidde.

Legg inn en kommentar