Velkomen tilbake til arbeidet og ny innsats for Høgskolen i Bergen – eg håpar alle har hatt ein god og avslappande sommarferie!
No kan avdelingane og dei aller fleste av utdanningane sjå fram til eit godt opptak med nye og flinke studentar. Høgskulen er populær som aldri før – vi har aldri hatt så lange ventelister som dette året.
For ein institusjon som HiB er gode opptak og god inntakskvalitet særs viktig. Vi utdannar for samfunnsviktige profesjonar som treng flinke og motiverte studentar. Og god inntakskvalitet medfører som regel betre studiekvalitet og betre gjennomføring. For mange av utdanningane er vi igjen best, eller blant dei beste i landet, innan rekruttering. Det er mange som skal takkast for eit slikt resultat, men ei spesiell takk til fagmiljøa som utviklar gode, relevante og attraktive studietilbod. Ei stor takk også til opptakskontoret som står på gjennom heile sommarferien og utfører eit særs viktig arbeid for høgskulen.
Av utdanningane har god søking til ingeniør- og førskulelærarutdanningane vore mykje omtala. Nasjonalt sett har vi også god søking til grunnskulelærarutdanninga der auken innan realfag er særs gledeleg. Helse- og sosialfagutdanningane, som tradisjonelt har mange søkjarar per studieplass, opplever også rekordsøking. Både fysioterapi- og sosionomutdanningane er blant dei mest populære i Bergen, og sjukepleiarutdanninga har rekordlang venteliste.
I vårsemesteret vart høgskulen sterkt ramma av streik, og mange studentar fekk ikkje ta eksamen til planlagt tid. Igjen vil eg takke alle dei som etter streiken ytte ekstra innsats for å redusere konsekvensane for studentane. Og utfallet er godt – alle avgangsstudentane fekk vitnemåla sine, og etter det ein har oversyn over, er det ingen student som er så hardt ramma at det treng å gå utover studieprogresjonen.
På tampen av vårsemesteret fekk høgskulen tilslag på 3 viktige prosjekt innan internasjonalisering. Prosjekta om oppbygging av fysioterapiutdanning i Sudan, samarbeid om førskulelærarutdanning med Kina og Nord-Amerikasamarbeid innan fysioterapi vart samla støtta med over 8 mill kr. Dette representerer eit viktig skritt framover for internasjonaliseringsarbeidet, og er viktig inspirasjon når styret til hausten skal handsame handlingsplanen for internasjonalisering.
Det er berre dagar til studiestarten, og 15. august er det velkomstfest i Grieghallen for ca 2100 nye studentar. Der vil dei bli møtt av fadderar som starten på eit omfattande fadderprogram gjennom dei to første vekene som ny student. Eit godt studentmiljø er viktig grobotn for godt læringsmiljø og fagleg utvikling.
Ta godt i mot dei nye studentane og gje dei ein god start på studiet sitt!


