Ei ny tidsrekning for Høgskolen i Bergen

3 år siden

Ein 20 år gamal draum er i dag ein realitet – vi tek campus Kronstad og nye campus Møllendalsveien i bruk. Ei ny tidsrekning startar for Høgskolen i Bergen.

Kjære, kjære alle tilsette – hjarteleg velkomen til Kronstad og Møllendalsveien og den nye arbeidskvardagen for oss alle. Vi har fått eit nytt utgangspunkt for å utføre kjerneoppgåvene våre, og ein fantastisk sjanse til å gjere HiB til ein endå betre høgskule.

Campus Kronstad er eit særs stort og innhaldsrikt bygningskompleks. Sjølv om teikningar er studert og synfaringar gjennomført, er eg sikker på at det vil ta tid å bli kjend med dei mange bygningane, romma, trappene, utstyret og mykje meir. Bruk dei neste 2-3 vekene til dette – prosjektleiinga, driftsorganisasjonen og kommunikasjonsseksjonen har lagt godt til rette.

Campus Kronstad er for alle tilsette ved høgskulen. For meg er det viktig at alle, fagmiljø som administrasjon, føler seg velkomne begge stader og bidrar til sambruk og god flyt mellom dei to studiestadene.

Det er den neste store brukargruppa eg er aller mest spent på – dei nye studentane kjem 20. august, og frå den 25. skal det myldre av nye og gamle studentar på Kronstad og i Møllendalsveien. Korleis vil alle desse ta i bruk dei nye campusane? Korleis vil dei oppleve brukarservice, auditoria, arbeidsplassane, biblioteket og kantina? Dette året skal vi ta ekstra godt imot studentane, og gje dei den best moglege starten i nye omgivnader.

Kunsten møter du utandørs, og inne er nye og gamle kunstverk stort sett på plass. Men det største kunstverket meiner eg er sjølve bygningen – den unike arkitekturen, materialvalet, detaljane, fargane og møblane. I fellesareala kan du stoppe opp kvar som helst – ta deg tid til å studere den harmoniske samansetjinga av gamalt og nytt, materialar og fargar. Alt er gjennomtenkt til minste del – funksjon og estetikk – kvalitetsikra av oss sjølve gjennom meir enn 10 år. Formelt er det staten som eig, men høgskulen sine tilsette har bygd eit sterkt, symbolsk eigarskap.

Høgskulebygget på Kronstad fornyar ein bydel – det står fram som solid, spanande og moderne – men likevel tidlaust . Forankringa til 100 års industrihistorie opplever du både ute og inne. Alt dette kjenneteikn på det omdømet vi så sterkt ynskjer at Høgskolen i Bergen skal ha og den kvaliteten vi skal stå for.

Kommentarer

Legg inn en kommentar