Ei stor takk til dei mange!

3 år siden

Det vert spanande å sjå når studentane denne veka for alvor tek i bruk Kronstad og Møllendalsveien. Det er mange på høgskulen som skal ha stor takk for innsatsen gjennom mange år.

Sist veke var historisk for Høgskolen i Bergen, og det blir ikkje mindre spanande komande veke når alle studentane for alvor skal ta både Kronstad og Møllendalsveien i bruk. Tidlegare høgskuledirektør Nils Mæhle har skrive historia om Kronstadutbygginga, og i heftet som kjem ut til den offisielle opninga i september, fortel Mæhle om ein lang og krevjande prosess som har vart i over 20 år.

Statsbygg har vore byggherre etter at ein for alvor kom i gang med planlegginga i 2003. Byggherren seier at dei knapt har opplevd ein så omfattande og god brukarmedverknad som i dette prosjektet. Det var viktig under programmeringa tidleg på 2000-talet, og det har ikkje minst vore viktig etter at bygging kom i gang i 2010. Det var ei viktig avgjerd som vart teken då ein i så stor grad ynskte at våre eigne tilsette og studentar aktivt skulle ta del i dei særs mange prosessane rundt samlokaliseringa – bygget, flyttinga, organisasjonen og mykje meir. Eg føler meg trygg på at dette har skapt ein sterkare eigarskap til det resultatet vi ser i dag, og at vi vil ha stor glede av dette i den komande tida.

Det er altså mange som skal ha stor takk, og vi snakkar om hundrevis av tilsette og studentar som har delteke i råd, utval og grupper. Nokre tilsette har hatt byggeprosjekta meir eller mindre som heiltidsjobb dei siste åra. – Høgskuledirektøren har vore prosjekteigar i høgskulen sine eigne prosjekt og har dermed hatt det store ansvaret det er å halde dei mange prosessane i gang, og å få teke alle dei store og små avgjerdene. – Personaldirektøren har hatt ansvar for nødvendig omstilling i organisasjonen. – Prosjektdirektør og assisterande prosjektdirektør har på heiltid arbeidd med både bygge- og flytteprosjektet, og hatt det omfattande ansvaret som bindeledd mellom byggherre og brukar. Skal eg bruke nøkkelpersonar om nokon må det vere desse to.

Ser vi litt lenger tilbake, vil eg gjerne også ta med dei eg vil kalle pionerar – Nils Mæhle er alt nemnd, direktør frå 1994-2009, og dei tre rektorane etter 1994 som alle spelte viktige rollar i dei mange fasane fram mot realisering av det som i dag står fram som den flottaste UH-campusen i Norge.

Ei stor takk til alle saman!

Legg inn en kommentar