Vil du bli leiar ved HiB?

2 år siden

Frå hausten 2015 startar ny åremålsperiode, og i tida som kjem vert det utlyst mange leiarstillingar ved HiB.

Høgskulen har, utover rektorat og høgskuledirektør, 20 åremålstillingar, og dei fleste av desse skal no lysast ut eksternt.  Styret har vedteke at det skal nyttast ekstern hjelp ved leiarrekrutteringane til neste åremålsperiode.

Åremålsstillingar for leiarar er truleg komne for å bli – mykje er positivt, men ei opplagd ulempe er at det kan bli mange utskiftingar i leiinga på ein gong.  Dette kan lett resultere i at ein god utviklingstakt stoppar litt opp den første hausten etter leiarskifte.  Difor håpar eg at mange av de som er leiarar no, og som har høve til å søkje ny periode, vurderer å gjere det.

Eg håpar også at de som har ambisjon om å bli leiarar på ulike nivå i organisasjonen vår, tenkjer nøye gjennom dette.  Om de føler at tida ikkje heilt er inne no, kan det likevel liggje mykje læring i ein søkjeprosess. Det er også viktig å orientere seg om leiarutviklingsprogramma som personalseksjonen kan tilby.

Rekruttering av leiarar er viktig for ein organisasjon.  Vi treng mange gode kandidatar – kjenner du eller veit du om nokon som kan vere aktuell som leiar hos oss, – oppmod dei til å søkje eller meld frå til personalseksjonen, rektoratet eller høgskuledirektøren.  Med ekstern hjelp vil denne personen bli kontakta om mogleg interesse.

Lukke til med tankar om kanskje å bli leiar, – og ei god førjulstid til alle!

Legg inn en kommentar