Godt nytt år!

2 år siden

Om 2014 var eit spanande år for HiB, så vert ikkje 2015 særleg mindre spanande. I løpet av året vil vi sjå eit nytt institusjonslandskap for universitet og høgskular, og dette kan, saman med endringar i finansieringsmodellen, få mykje å seie for HiB si vidare utvikling.

I 2015 skal tilsette og studentar for alvor nyte godt av dei to nye campusane vi tok i bruk sist haust.  Eg har tru på at vi gjennom året betre og betre vil tilpasse oss dei nye omgivnadene både på Kronstad og i Møllendalsveien, og at vi gradvis vil oppleve velfungerande campusar der både bygningar og dei mange systema og teknologiane rundt oss fungerer som tiltenkt. Det er også viktig at vi relativt raskt finn ut korleis vi best mulig kan utnytte campus Kronstad i høve til dei behova høgskulen vil ha for areal gjennom dei neste 5-10 åra.   I 2015 bør høgskulen på eige initiativ få utarbeidd byggjeprogram og skisseprosjekt for eit tilleggsbygg, og arbeidet med finansiering av bygget må intensiverast.

På styremøtet i desember gav styret klarsignal for å starte opp to viktige prosessar; arbeidet med ny strategisk plan for perioden 2016-2020, og evaluering av fagleg understruktur på avdelingane.  Høgskulen vil få eit nytt styre frå 1. august 2015, men det er viktig for det sittande styret å følgje begge desse prosessane eit stykke på veg.  Styret ynskjer at evaluering av understruktur skal prioriterast, men ber også om at strategiarbeidet er godt i gang før styret sitt siste møte i juni 2015.

Eg har forståing for at mange kanskje vil meine at på grunn av alt det usikre kan slike prosessar vente.  Etter mitt syn er både strategi og fagleg organisering avgjerande for om høgskulen vil nå dei langsiktige måla.  Uansett utfall av strukturreform og andre endringar, vil ambisjonar stå ved lag – det har styret vedteke i to omgangar i haust.  Difor er det nødvendig at vi får gode prosessar og at heile organisasjonen tek del i utviklinga av det framtidige HiB.

Legg inn en kommentar