Takk for tilliten!

2 år siden

Det vert både spanande og  utfordrande å ta fatt på ein ny rektorperiode – tusen takk for den tilliten som er vist oss i rektoratteamet.

Høgare utdanning står framfor store endringar i dei komande åra.  Om ei vekes tid vert stortingsmeldinga om struktur lagt fram, og frå 2016 skal ein ny finansieringsmodell for universitet og høgskular implementerast.  Per dato kan det sjå ut som om HiB kan halde fram som sjølvstendig høgskule, sjølv om stortingsmeldinga truleg ikkje vil lansere den endelege løysinga for Vestlandet.  Likevel vil UH-Norge på ingen måte bli som før – av 15 færre høgskular etter 2010 ser alle ut til, på litt sikt, å gå inn i universitet.  8 av dei 10 universiteta vil utdanne sjukepleiarar og ingeniørar, og blant dei høgskulane som vert att vil HiB vere den største.  Bør ikkje regjeringa dermed også  gjere noko med institusjonskategoriane -universitet, vitskapleg høgskule og høgskule?

I rektoratet si programerklæring har vi lova å sette utdanningskvalitet i sentrum – utdanningsleiing, pedagogiske tiltak, digitalisering og meir til.  Og vi meiner at gode grunnutdanningar er avgjerande for å realisere ambisjonane til høgskulen.  HiB har sidan 2010 arbeidd systematisk og målretta mot fulle løp frå bachelor til doktorgrad innanfor dei viktigaste utdanningsområda .  Om 2-3 år kan dette målet vere nådd.

Etter samlokaliseringen på Kronstad og i Møllendalsveien, er det gledeleg at vi alt no ser at fagmiljø frå ulike fagtradisjonar finn kvarandre.  Eit eksempel er idrett, fysioterapi og bioingeniørfag.  På det nye og oppdaterte fysiologiske idrettslaboratoriet samarbeider fagfolk frå alle tre avdelingane i fleire ulike forskingsprosjekt.

Høgskulen går framleis gjennom ei endring der nye rutinar, nye samarbeidsformer og viktige forvaltningsoppgåver krev mykje av oss. Med eit godt og svært kompetent lag av fagleg og administrativt tilsette har vi dei beste føresetnader for å nå måla våre. Difor er det både ei ære og ei glede å få lov til å vere med på å leie høgskulen vidare.

Til hausten startar ein ny åremålsperiode med nye leiarar i mange posisjonar.  Ta godt i mot dei nye leiarane  – vi har alle ansvar for å gjere kvarandre gode!

Legg inn en kommentar