Stortingsmelding 18 – Konsentrasjon for kvalitet

2 år siden

Noreg må omstille seg for å møte samfunnsendringar og for å sikre velferd  i framtida, seier regjeringa.  For HiB kan stortingsmeldinga bli viktig drahjelp for å nå ambisjonar og mål.

Stortingsmeldinga varslar omfattande endringar i UH-landskapet.  Alt tyder på at vi om 2-3 år vil ha 10 universitet her i landet, og 8 av desse vil utdanne lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagkandidatar.  Det vil vere nokre få høgskular igjen, og i stortingsmeldinga seier regjeringa at nokre av desse er store nok til å halde fram som eigne institusjonar – blant desse er HiB. Ein kan difor stille spørsmål ved kvifor ikkje regjeringa alt no gjer framlegg om å endre institusjonskategoriane?

For dei minste institusjonane, særleg på Vestlandet,  vil regjeringa halde fram dialogen med institusjonane for å finne framtidig plass og rolle i den nye strukturen.  Denne dialogen skal basere seg på ei rekkje kvalitetskriteriar, og eg går ut frå at desse kriteriane også vil gjelde alle dei andre U&H-institusjonane, mellom anna dei høgskulane som med eit pennestrøk no vert universitet ved fusjon.

Dei ni kvalitetskriteriane er:

  • Årsverk i førstestillingar
  • Søking til studietilboda
  • Gjennomføring
  • Studentar sin tidsbruk
  • Vitskapleg publisering
  • Eksterne forskingsinntekter
  • Storleik på doktorgradsutdanningane
  • Internasjonal orientering
  • Samspel og samarbeid

Dette er kriterier HiB har målt seg mot i mange år – det går fram av både strategiske planar og handlingsplanar.

HiB har drive aktiv kompetanseoppbygging i lang tid, og vi nærmar oss 50% førstestillingar – eit nivå som inntil vidare kan vere passande for ein institusjon av vår type.  Innan utdanning er HiB blant dei beste i landet på dei viktige indikatorane, og det same er tilfelle for samhandling med samfunns- og næringsliv.  Vi har hatt god utvikling innan internasjonalisering og arbeider målretta for å betre innhald og relevans i samarbeidet med utanlandske institusjonar.

Den største utfordringa til HiB framover er forskinga – både kvalitet og kvantitet.  Vi er i god utvikling innan vitskapleg publisering – sidan 2009 har vi auka publiseringspoenga med 19% årleg.  Og vi vil nå målet om 45 stipendiatstillingar i laupet av 2015.  Likevel  er dei eksterne forskingsinntektene for små, og akkreditering av nye doktorgradsprogram vil dei neste åra krevje både store ressursar og målretta innsats på mange plan.

Stortingsmeldinga varslar at krava for å opprette utdanningsprogram på master- og doktorgradsnivå vil bli skjerpa, og at krava for universitetsakkreditering vil bli stramma inn. Mellom anna må to av dei fire doktorgradsprogramma ha minst 5 kandidatar årleg over tre år, og tilsvarande må fire program ha minst 15 stipendiatar kvar over tid.

Dette er overkomeleg for HiB – vi kan halde fast ved ambisjonen om universitetsstatus, men vi  vil nok trenge nokre år ekstra utover 2020.

Legg inn en kommentar