Innovasjon og nyskaping på HiB – eit stort potensiale

2 år siden

Høgskolen i Bergen har særs gode føresetnader for å satse meir på innovasjon og entreprenørskap – og då snakkar vi om alle avdelingane ved høgskulen.

Fredag 22.mai arrangerte Seksjon for forsking og ekstern samhandling eit særs godt frukostmøte om innovasjon.  På møtet fekk rekordmange deltakarar god innføring i kva innovasjon og entreprenørskap er, om kva rolle HiB kan spele i det store bildet, og vi fekk mange gode eksempel – frå alle avdelingane – på innovasjons- og nyskapingsprosjekt.

OECD definerer innovasjon som nye eller vesentleg forbetra varer, tenester, prosessar, organisasjonsformer eller marknadsføringsmodellar som vert tekne i bruk for å oppnå samfunnsnytte, her medrekna verdiskaping.  Innovasjon handlar altså ikkje berre om økonomi og konkurranseevne, men også om utvikling av offentleg sektor og ideelle organisasjonar.

Innovasjon kan kallast det fjerde samfunnsoppdraget til høgskulen, i tillegg til utdanning, forsking og formidling.  Med vår posisjon – tett på samfunns- og næringsliv med både utdanningar, forsking og utvikling – er det eit godt utgangspunkt for vidare utvikling og i større grad bli ein innovasjonsaktør.  Her meiner professor Stig-Erik Jakobsen, SfN at HiB må satse på ei brei fjerde rolle med ulike typar samspel for å bidra til innovasjon, heller enn å berre satse på ei smal rolle der kommersialisering av forretningsideear frå tilsette og studentar står sentralt.  Med den breie rolla meiner Jakobsen meir samarbeid på tvers av fag og utdanningar, etablering av klynger og partnarskap, implementering av ny praksis m.m.

Dette er sjølvsagt ikkje nytt for høgskulen, men i ei tid der samfunnet endrar seg raskare enn før,  har nettopp vi som høgare utdanningsinstitusjon eit viktig ansvar for å vere proaktive og bidra til fornying av både utdanningar og arbeidsliv.  Og som Kari Voldsund, AIØ (øk.adm) så godt skriv til meg om bruk av studentbedrifter (fritt sitert): Ungt Entreprenørskap sitt konsept for studentbedrifter bør takast i bruk i alle avdelingar på HiB, .. og ein bør tenkje gjennom kva som er viktig i undervisninga for å skape entreprenørielle «mind-set» hos studentane.

Eg er overtydd om at HiB har særs gode føresetnader for å satse endå sterkare på innovasjon og entreprenørskap.  I ei tid med store både regionale og globale utfordringar er det viktig at HiB prioriterer det fjerde samfunnsoppdraget, og at dette vert tydeleg i den nye strategiske planen som skal lagast i laupet av 2015.

Kommentarer

Legg inn en kommentar