Velkomen til nytt studieår

1 år siden

Denne veka tek høgskulen i mot over 2000 nye studentar. Etter særs gode søkjartal i april, er det rekordmange som har takka ja til studieplass.

Komande torsdag vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ynskje dei nye studentane velkomne til HiB. Aldri har vi teke i mot studentar med så gode karakterar som dette året. Det lovar godt for framtida – for god gjennomføring og i neste omgang for god søking til mastergradene våre. Difor er det viktig at vi saman tek godt vare på den store ressursen som studentane er og gjev dei den aller beste studiestarten.

Eg vil ynskje alle nye og gamle medarbeidarar hjarteleg velkomne tilbake etter sommarferie til eit nytt og spanande studieår. Denne hausten tenkjer eg spesielt på dei mange nye leiarane – dekanar og prodekanar, instituttleiarar, programansvarlege og senterleiarar. Og 18. august skal vi ynskje den nye høgskuledirektøren velkomen. Alle har teke på seg krevande leiaroppgåver, og det er viktig at vi alle hjelper til i ein krevande startfase.

Vi har no bak oss eit heilt studieår på dei nye campusane våre på Kronstad og i Møllendalsveien. Det har vore ei interessant reise, og eg vil oppfordre alle til å ta godt vare på erfaringane frå dette første året. Eg er overtydd om at vi i det komande studieåret vil bli endå flinkare til å organisere, til å bruke areal meir effektivt, og til å utnytte spesialrom og laboratorier på ein fagleg sett betre måte.

Også rektoratet startar på ein ny åremålsperiode. I oppstarten av førre periode brukte vi mykje tid på møter med dei mange fagmiljøa og ulike delar av administrasjonen. Dette vil vi gjerne halde fram med, om ikkje i like stort omfang som sist. Vi vil invitere alle miljø – faglege som administrative – til å melde interesse for eit møte med rektoratet på eit høveleg tidspunkt. Det kan vere store eller små grupper.

Det er viktige prosessar som skjer på høgskulen i haust – mellom anna skal den nye strategiske planen 2016-2020 utformast, og den faglege understrukturen skal evaluerast, og ny struktur fastsettast. Vi håpar på godt engasjement i desse sakene. Lukke til med oppstarten!

Legg inn en kommentar