Samanslåing kan styrke oss nasjonalt

2 år siden

Det kan gå mot fusjon mellom høgskulane HSH, HiB og HiSF. Målet for oss på HiB må i så tilfelle vere å bidra aktivt til ein sterk og solid profesjonshøgskule på Vestlandet, som på sikt kan bli eit profesjonsuniversitet. Det vil vere i tråd med ambisjonane vi har i dag, og gje våre fagmiljø ein styrka posisjon nasjonalt.

Kunnskapsdepartementet har gjort det klart at regjeringa forventar at institusjonane på Vestlandet finn saman i større einingar, slik det no vert gjort i andre landsdelar. Ut frå desse klare signala går dei tre profesjonsinstitusjonane no saman om å drøfte grunnlaget for ein fusjon som kan gje Vestlandet ein ny og kraftfull profesjonshøgskule.

Denne utviklinga er godt i tråd med styrevedtaka som HiB-styret gjorde i 2014, og det er gledeleg at dei tre institusjonane no tek eit kollektivt ansvar for å ruste Vestlandet for framtidige utfordringar.

Grunnlaget for ei samanslåing, og dermed etableringa av ein ny profesjonshøgskule, skal greiast ut i laupet av hausten, dersom styret ved HiSF går inn for dette. Utgreiinga vil etter alt å dømme innebere å samle eit datasett av nøytrale opplysningar om dei ulike institusjonane, og kartlegge fakta om fagmiljø, administrasjon, organisasjon og leiing på dei ulike institusjonane. Dersom styra vedtek at dette er eit godt nok grunnlag for å kunne starte fusjonsforhandlingar, vil vi frå nyttår av sette i gang ein prosess i lag med dei andre institusjonane. Då vil vi tilstrebe involvering og medverknad på alle nivå i organisasjonen for å få ein best mogleg prosess ved HiB.

I eit tidsperspektiv på 10-15 år er det viktig at vi no legg grunnlaget for at Vestlandet har ein robust institusjon med ein storleik som gjer at vi kan halde på ein nasjonal posisjon i tildelingar av stipendiatar, studieplassar og forskingsmidlar. Også representasjon og gjennomslag i nasjonale organ vil vere avhengig av ein viss storleik for oss.

Det gode samarbeidet som no utviklar seg mellom UiB og HiB skal halde fram, også om vi får ein ny institusjon frå 1. januar 2017. Det er også i tråd med UiB sine ynskje fordi ein ser at heile landsdelen vil ha glede av kunnskapsklyngene som er under utvikling.

Det er eit mål for politisk leiing at ein eventuell fusjon kan vedtakast ved kongeleg resolusjon i juni 2016. Etter mitt syn bør ein sette alt inn på å halde denne framdrifta, som altså inneber at utgreiings- og kartleggingsarbeidet må vere ferdig til nyttår, og at konkrete fusjonsforhandlingar skjer gjennom vinteren 2016.

Eg har tru på at det var eit avgjerande og historisk møte som vart halde mellom høgskulane og departementet på Hotel Terminus denne veka. Det er på høg tid at høgskular som alle er særs viktige for sine regionar, no finn saman for i framtida å ta endå betre vare på regionrollen og dei samfunnsviktige profesjonane.

Kommentarer

Legg inn en kommentar