Spanande tider i vente

1 år siden

Det er gode sjansar for at HiB i 2016 skal forhandle om fusjon med andre høgskular på Vestlandet. Den nye høgskulen vil få ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsprofil og tilby utdanningar på alle nivå.

Neste veke tek arbeidet til med å kartlegge status for høgskulane, enkeltvis og samla. Kartlegginga og ei felles utgreiing om dette skal danne grunnlag for vedtak om det blir fusjonsforhandlingar vinteren 2016. Det er høgskulane HiB, HiSF og HSH som er samde om utgreiinga og om ein eventuell vidare prosess. I tillegg skal utgreiinga studere og vurdere føresetnadene for å kunne etablere ein ny, stor høgskule som om nokre år kan bli eit profesjonsuniversitet på Vestlandet. Tidspunkt for iverksetting av eit fusjonsvedtak er sett til 1. januar 2017.

Politisk leiing i KD er særs oppteken av at også Vestlandet tek grep for å ein sterkare UH- struktur slik andre landsdelar har gjort. Kunnskapsministeren er særleg oppteken av den nye 5-årige lærarutdanninga frå 2017.

I mandatet for den felles utgreiinga er ambisjonen for ein ny institusjon formulert på denne måten:

  • Å bli del av ein framtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der dei viktigaste samarbeidspartane blir UiB, UiS og HiVolda
  • Å byggje sterkare og meir robuste fagmiljø (master, ph.d., forsking) i ein ny fleircampusinstitusjon som om få år kan bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil
  • Å bli ein konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal samanheng – attraktiv for studentar og fagpersonar, ressurstilgang og posisjonar
  • Å sikre og videreutvikle studiestadene i dag slik at regionrolla blir betre teken vare på enn i dag
  • Å kunne svare betre på dei omstillingsbehova som vil kome

 

Eg føler meg rimeleg trygg på at HiB anno 2015 også i framtida vil kunne drive gode grunnutdanningar. Derimot er eg usikker på om vi i framtida klarar å tilby sterke nok mastergradar og makte å drive fram fire doktorgradar. Her er vi heilt avhengige av omfattande kompetanseoppbygging og å mangedoble tilføringa av eksterne forskingsmidlar.

For tida deltek HiB i fleire samarbeidsprosjekt med UiB. Dette gjeld i særleg grad teknologi og helse/omsorg. Det er også i gang samtalar om tettare samarbeid innan lærar-/lektorutdanning og innan administrative funksjonar. Eit meir systematisk og forpliktande samarbeid med UiB er viktig for HiB, og etter mitt syn må det arbeidet halde fram om vi i 2017 vert del av ein ny og større institusjon.

Som rektor er eg oppteken av at tilsette og studentar kan føle seg trygge på at det valet styret vårt har gjort, er til beste for institusjonen vår – på kort sikt, men aller mest på lengre sikt. HiB har vore i kontinuerleg positiv utvikling dei siste 10-15 åra og kan utvikle seg vidare på eigen kjøl. Vi kan likevel ikkje sjå bort frå den utviklinga mot store institusjonar som skjer i dei andre landsdelane – dette vil endre konkurransebildet for studieplassar, forskingsmidlar og nasjonale posisjonar. Bergen og Vestlandet treng ein framtidig sterk UH-struktur, og eg er overtydd om at ein ny, kraftfull høgskule vil møte omstillingsbehova på ein betre måte for regionen enn om ein ikkje tek grep no.

Legg inn en kommentar