Lyttepost for fusjons-innspel

1 år siden

Heile HiB-organisasjonen må etter kvart innstille seg på at det kan bli fusjonsforhandlingar etter nyttår, og at vi kan bli ein ny høgskule med eit anna namn frå 2017.

Den felles utgreiinga som skal danne grunnlag for eventuelle fusjonsforhandlingar mellom HiB, HiSF og HSH er godt i gang. Det er NIFU som står for utgreiinga, og styringsgruppa – styreleiarar/rektor og direktørar ved HiB, HiSF og HSH – har jamlege møte.  NIFU skal levere eit rapportutkast til styringsgruppa 11. desember,  og den endelege rapporten skal overleverast ei veke seinare. Rapporten vil presentere alle viktige data for dei tre institusjonane kvar for seg,  og samla.  Vidare vil rapporten omhandle kva potensiale som ligg i ein ny institusjon:  Kvar kan ein bli fagleg meir robust og kvar kan ein bli fagleg sterkare. Korleis kan ein ny og større institusjon bli  betre for Vestlandet enn vi er i dag som tre høgskular?

Utgreiingsrapporten vil bli det viktigaste grunnlaget for ei styresak til møte i HiB-styret 4. februar 2016. I parallelle styremøter skal dei tre styra ta stilling til om det er grunnlag for fusjonsforhandlingar.  Dagen før, 3. februar, har styra ved HiB, HSH og HiSF eit felles seminar.  Politisk leiing i KD ønskjer at ein eventuell fusjon vert iverksett 1. januar 2017.  Dette inneber  at ein eventuell fusjon må vedtakast i Statsråd i juni 2016.

Ein mogleg fusjon vil få følgjer for dei aller fleste tilsette ved HiB. Når eventuelle forhandlingar kjem i gang i februar 2016, er det avgjerande med god involvering frå heile organisasjonen – tilsette som studentar. Det er difor viktig for meg som rektor å bidra med god og tidsrett informasjon og dialog. Eg vil nytte alle høve og kanalar til å gje slik informasjon og vere tilgjengeleg for spørsmål og innspel.  Aktuelle kanalar er tillyste avdelingsmøte og -seminar, avdelingsråd, leiarsamlingar, nettstader m.m.  I tillegg vil eg og andre frå leiinga vere til stades  i Fyrrommet til eit annonsert tidspunkt kvar veke i tida fram til styremøtet i februar. Her vil tilsette og studentar kunne få informasjon, stille spørsmål og diskutere aktuelle problemstillingar.

Legg inn en kommentar