Godt nytt år – 2016 vert spanande for HiB!

1 år siden

Vel møtt til eit nytt år og eit nytt semester ved HiB – både studentar og tilsette. I året som kjem går vi inn i viktige og krevjande prosessar, og vi får ekstra god bruk for den gode kompetansen og engasjementet til kvar og ein. Slik eg kjenner både dei tilsette og studentrepresentantane, er eg viss på at alle vil vere med på å trekkje lasset i ei god retning for høgskulen.

I media har vi i den siste tida lese både oppsummeringar av 2015 og spådomar for 2016. Stikkord er globale og nasjonale kriser og store behov for omstilling – enten det handlar om klima, flyktningstraum eller låg oljepris. Desse utfordringane vil påverke HiB – både direkte og indirekte – og det er viktig at vi erkjenner at det vil krevje både engasjement og handling.

I dette store bildet kan fusjonsplanane nesten verke uviktige, men like fullt snakkar vi her om den største endringa for høgskulemiljøet i Bergen på over 20 år. Den felles ambisjonen for ein mogleg fusjon er god – den handlar om sterkare fagmiljø og om å takle omstillingsbehov. Men den handlar også om eit konkurransedyktig Vestland der regionrolla for høgskulane blir særs viktig og må takast betre vare på enn i dag. Dette vart peika på av både fylkesordføraren i Hordaland og byrådsleiaren i Bergen då dei vitja høgskulen like før jul. Den øvste politiske leiinga i regionen vår er oppteken av at HiB lukkast med både fusjonsplanane på Vestlandet og med eit tettare samarbeid med UiB.

Tildelingsbrevet like før jul var nesten som ei julegåve til høgskulen. Budsjettforliket med samarbeidspartia resulterte i eit mykje betre budsjett for HiB der vi vart tildelt heile 11 nye stipendiatstillingar og 40 nye, strategiske studieplassar. Og enno er ikkje dei 50 nye stipendiatstillingane til den nye lærarutdanninga fordelte. Samla sett er dette ei anerkjenning av universitetsambisjonane, og ei melding om at HiB bør ta eit endå større ansvar på Vestlandet.

2016 vil bli eit spanande år for HiB.  Alt 21. januar skal styret vedta den nye strategien og 4. februar ta stilling til eventuelle fusjonsforhandlingar. For rektoratet er det viktig å vere i tett dialog med heile organisasjonen, for å fange opp dei viktigaste problemstillingane og finne dei beste løysingane for framtida. Rektoratet vil ønskje alle lukke til med arbeidet i året som kjem!

Legg inn en kommentar