Universitetsambisjonen står fast

1 år siden

Vestlandet treng ein sterk høgskule med universitetsambisjon. Eit nytt landsdelsuniversitet skal byggjast med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsprofil.

Det var kloke og framtidsretta vedtak høgskulestyret gjorde i 2010. Styret bestemte då at høgskulen skulle arbeide for å bli universitet innan 2020, og vidare at det skulle opprettast tre doktorgradsprogram fagleg forankra i kvar si avdeling. Eit fjerde doktorgradsområde vart peika ut i 2014.

På HiB har grunnutdanningane innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag og lærarutdanning alltid stått sterkt, og i prosessane etter 2010 har det vore avgjerande at satsinga på FoU, master- og doktorgrader skulle ha solid forankring i grunnutdanningane. Eg kjenner ingen annan institusjon i Norge, med liknande ambisjon, som i så sterk grad har vektlagt at spissing av utdanning og fagleg kompetanseoppbygging skal kome grunnutdanningane og praksis til gode. Og dette har vi lukkast med – den gradvise oppbygginga av master- og doktorgradene har resultert i god samanheng mellom utdanningsnivåa. Og etter dei djerve vedtaka i 2010 har KD tildelt HiB minst 200 masterutdanningsplassar og 25 rekrutteringsstillingar. Det løner seg å ha ambisjonar.

Ein ny vestlandshøgskule, der både HiSF og HSH er med, vil få ein storleik og ei fagleg kraft som gjer det lettare å utvikle og drive berekraftige doktorgradar. I den ferske strategien til HiB er målet universitetsstatus innan 2025. Etter mitt syn kan dette skje noko raskare for ein ny institusjon, men det vil krevje målretta kompetanseoppbygging og forskingssatsing på brei front og på alle studiestadene.

Det er ikkje eit offisielt krav, men ved søknadstidspunkt bør førstestillingsandelen av fagleg personale ha vakse frå knapt 45 prosent ved fusjonstidspunktet til minst 60 prosent. Dette er overkomeleg – den nye institusjonen vil truleg lettare rekruttere til faglege stillingar både nasjonalt og internasjonalt. HiB kan sjølv vere eit eksempel her – på ca 10 år har førstestillingsandelen auka frå ca 25 prosent til nær 50 prosent. Dette er nødvendig kompetansebygging for å sikre at både utdanningar og profesjonar utviklar seg i tråd med raske samfunnsendringar.

I konkurransen med andre landsdelar er det viktig at Vestlandet har ambisjon om eit nytt landsdelsuniversitet med profesjons- og arbeidslivsprofil. Det inneber at institusjonen har solide og breie grunnutdanningar og tilbyr master- og doktorgradar på område som er strategisk viktige for Vestlandet. For å få dette til er det heilt nødvendig at fagmiljøa er godt integrerte på tvers av heile den nye høgskulen innan både utdanning og forsking. Eg veit at det er mange sterke og spanande fagmiljø på alle dei fem studiestadene og at potensialet for samarbeid og utvikling er stort. Dette ser eg fram til å få realisert.

Legg inn en kommentar