Kvit røyk frå Kronstad

1 år siden

Dei tre fusjonspartane HiB, HSH og HiSF vart sist veke samde om ei fusjonsavtale. Eg håpar og trur at styra 12. mai vil vere positive til avtalen, og at fusjonen endeleg vert vedteken i juni.

Fusjonsavtalen er eit viktig og historisk dokument, og eg er stolt over min eigen institusjon som har gjennomført forhandlingane på ein raus og god måte. Tusen takk til alle som på ulike måtar har gjeve sine bidrag – referansegruppa, dei tillitsvalde, dei studenttillitsvalde, fusjonssekretariatet og den samla leiinga.

Eg er også særs nøgd med samarbeidet med HiSF og HSH – begge har vore konstruktive og vist god forståing for HIB sine krav og ønskjemål gjennom sonderings- og forhandlingsfasane.  Det er allmenn semje om at den nye institusjonen skal ha ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsprofil, og HiBs universitetsambisjon står fast som ei viktig fagleg satsing også for den nye institusjonen.

Vestlandet ser no ut til å få ein ny kraftfull høgare utdanningsinstitusjon bygd på vestlandsk språk og kultur, og retta mot behova i regionen. Fusjonen, om den vert vedteken, er eit resultat av strukturreforma – og etter mitt syn eit heilt nødvendig resultat. Andre landsdelar har alt etablert større einingar som alle etterkvart vil få universitetsstatus.

Den nye institusjonen vil ha stor breidde og sterke fagmiljø som ikkje berre vil vidareutvikle utdanningar og forsking vi har i dag, men vil også kunne realisere utdannings- og forskingsløft vi som enkeltståande institusjonar ikkje kunne klart åleine.

Vert fusjonsavtalen godkjend av styra ved dei tre institusjonane i juni, er det ein avgjerande milepæl. Men det største arbeidet har vi likevel framfor oss. Til hausten skal den nye institusjonen planleggjast og implementerast frå 2017 – og utviklast vidare framover.  Til dette arbeidet trengs det mykje klokskap og stor innsats, og eg er overtydd om at det skal vi få til.

Legg inn en kommentar