Vel overstått 17. mai!

1 år siden

17 mai var rektor invitert av 17 maikomitéen i Bergen som ein av talarane på Festplassen. Her kan fleire få lese talen.

Gratulerer med dagen, kjære bergensarar!

17.mai er både nasjonal- og grunnlovsdag.  Å ta vare på ideala i Grunnlova, å verna om demokratiet og skapa ei god framtid for komande generasjonar, er det viktigaste vi kan gjere i ei uroleg tid for det globale samfunnet. Difor bør vi i dag også feire at det er eit uvanleg godt land vi bur i. I kvardagen tek vi nok mykje for gitt – ein fredeleg plett på jorda, eit sterkt og levande demokrati, og ikkje minst eit velferdssamfunn med sosiale gode og tryggleiksnett som mange andre land berre kan drøyme om.

Demokrati, kunnskap og utvikling høyrer saman. Bergen er, med sine over 30 000 studentar ein særs populær studentby og ein nærast komplett utdanningsby. Ein heil generasjon av unge og kunnskapsrike ungdomar står klare til å bidra i samfunnet – løfte det, utvikle det og skape noko nytt. Dei vil utfordre oss og ynskjer å gjere verda betre. Så kjære styresmakter – ta høgde for dette i alle strategiar, planar og reformer. La dykk utfordre av dei med oppdatert og ny kunnskap.

Det beste styresmaktene kan gjere er å skape rom for kunnskapsdeling gjennom utdanning og forsking på samfunnsområde som framtida vår er avhengig av. Gratisprinsippet i høgare utdanning og tilgang på slik utdanning uavhengig av sosial bakgrunn og kvar ein bur, er ein av berebjelkane i velferdssamfunnet. Alt må leggjast til rette for at unge kan lukkast – gjennom heile løpet frå grunnskule til høgare utdanning. Å oppleve at samfunnet verdset kompetansen deira er sterk motivasjon for alle studentar. Så sjølv i det vi kallar for nedgangstider i vårt land, må vi halde motet opp blant dei unge og la dei kjenne at det er bruk for dei.

Fødd og oppvaksen i ei lita bygd i Sunnfjord har eg alltid kjent meg velkomen i Bergen, eller i byn som alle sa den gongen. Bergen var framtida enten det galdt utdanning eller arbeid. Vestlandet har alltid trengt Bergen som det midt- og tyngdepunktet denne internasjonale byen er i landsdelen.  Med det er også slik at Bergen har trengt Vestlandet – utviklinga av Bergen har vore og er avhengig av vestlandsk næringsliv, kultur, språk og tradisjonar.  Dette er også ein viktig grunn til at Høgskolen i Bergen no forhandlar med HSH og HiSF om å slå seg saman til ein ny og stor institusjon med ambisjon om å bli eit Vestlandsuniversitet – dette vil Vestlandet trenge for å møte store samfunnsutfordringar og for å møte  konkurransen både nasjonalt og globalt, – og ikkje minst til gode for nye studentgenerasjonar.

Så kjære styresmakter – slepp ungdomen til og sjå den store verdien i det som vi forvaltar i utdanningsinstitusjonane. Igjen – gratulerer med 17. mai!

Kommentarer

Legg inn en kommentar