Planlegging av Høgskulen på Vestlandet er i gang

11 måneder siden

Etter at Kongen i Statsråd 17 juni i år stadfesta fusjonsvedtaket, skal vi denne hausten på best mogleg måte planlegge Høgskulen på Vestlandet.

Det er eit stort og krevande arbeid som ventar oss dei næraste månadane, men eg er trygg på at vi saman vil finne gode løysingar på viktige område for den nye høgskulen.  Utgangspunktet er godt – vi er i dag tre kraftfulle høgskular med mange fellesnemnarar og ikkje minst ein tydeleg regiontilknyting.

Høgskulen på Vestlandet vil bli ein av dei største UH-institusjonane i landet, og kunnskapsministeren slår fast at denne institusjonen bør ha ein universitetsambisjon. Det er altså eit nytt format vi no skal planlegge for der krav og forventningar vil bli annleis enn dei vi kjenner i dag – endå større vektlegging av studiekvalitet, betre samhandling med samfunnet og eit sterkare forskingsfokus.  Og det er innanfor dette nye formatet vi skal løyse dei regionale oppgåvene betre enn før.

Etter fusjonsvedtaket i juni er forhandlingsutvalet vorte til innstillingsrådet.  Rådet skal førebu saker til interimstyret og har så langt arbeidd med å utforme forslag til eit fusjonsprogram for hausten 2016.  15. september skal interimstyret handsame dette fusjonsprogrammet der ein gjennom fleire prosjekt skal arbeide med fagleg plattform, greie ut fagleg- og administrativ organisering og arbeide med samkøyring av administrative tenester. I tillegg er det eigne prosjekt for digitalisering og lærarutdanning – sistnemnde på grunn av den nye grunnskulelærarutdanninga som skal startast opp alt i 2017. Eg ser fram til at mange fleire enn i forhandlingsfasen no får ta del i planlegginga – gjennom deltaking i styrings-, prosjekt- og arbeidsgrupper. Det vert fusjonsmøter utover hausten, og dessutan ein fast møteplass der ein vil møte HiB sine representantar i fusjonsprogrammet.

Det var ikkje beint fram å finne forkorting og domenenamn på den nye høgskulen. På eit godt fagleg grunnlag og etter drøftingar i innstillingsrådet, har rådet vedteke at HVL vert både domenenamn og forkorting.  Når dette no vert marknadsført og etter noko tid, er eg trygg på at dette vil vise seg å vere eit godt val.

Midt opp i all fusjonsførebuing skal vi denne hausten også drive Høgskulen i Bergen på den vanlege og gode måten både tilsette og studentar kjenner. Dei som får dei største oppgåvene vil få avlasting, men det vil nok også vere slik at mange må ta eit ekstra tak i denne planleggingsfasen.  Eg håpar at dei som får tildelt oppgåver eller engasjerer seg på andre måtar, vil oppleve dette som både spanande og meiningsfullt.

God arbeidshaust!

Legg inn en kommentar