Vellukka fusjonskafé med godt oppmøte

10 måneder siden

Viktige fusjonsprosjekt om fagleg profil, organisering og digitalisering er godt i gang. På fusjonskaféen kom det mange gode spørsmål og kommentarar.

Fusjonskaféen i Fyrrommet er ein uformell møteplass der du møter prosjektleiarar og andre frå høgskulen som har sentrale rollar i planlegginga av den nye Høgskulen på Vestlandet. I prosjekta drøftar ein no kva som kan bli den faglege profilen for HVL og korleis høgskulen best kan organiserast. Det er berre 2-3 månader til styret for HVL skal vedta kor mange fakultet vi skal ha, namn på fakulteta og korleis dei skal organiserast.  På same tid skal ein sjå på prinsipp for organisering av einingane under fakulteta.

For ei veke sidan var Innstillingsrådet for HVL(rektorar og direktørar) på eit særs inspirerande og nyttig besøk hos Høgskulen i Søraust-Noreg. Dei ligg eit år føre oss i løypa og er no i full gang med å etablere den nye organisasjonen.  22 toppleiarar frå to høgskular er vorte til 11 i den nye. Under dei 4 fakulteta har dei 20 institutt der sjukepleieinstituttet er det største med over 130 fagleg tilsette. Lærarutdanninga er organisert med 6 faginstitutt, medan det er visedekanar for både GLU og BLU som organiserer utdanningsprogramma.  Enkelte utdanningsprogram går på tvers av fakulteta.

HVL er lik HSN på mange område, men det er også mykje som skil. Dei har ein enklare «geografi» enn oss, og dei er komne lenger med universitetsplanane.  Difor skal vi også fylgje nøye med kva som skjer i andre fusjonar – ved NTNU, Nord universitet, UiT Norges arktiske universitet og ved den sist vedtekne fusjonen Høgskolen i Innlandet.

Strukturreforma i høgare utdanning er ei 20-30-års reform. Difor er det vindauget som no er ope viktig å utnytte.  Korleis bør vi vere profilert og organisert for å nå viktige faglege mål? Korleis møter vi dei store samfunnsutfordringane? Korleis kan vi best samhandle med andre samfunnsaktørar på Vestlandet?

Det er viktig at desse overordna spørsmåla vert stilte i den fasen vi no er i planlegginga. Prosjekta om fagleg profil og om organisering inviterer til innspelsmøte i veke 42.  Kom på fusjonskaféen og bli best mogleg førebudd til desse innspelsmøta.

Legg inn en kommentar