Kunnskapsministeren meiner HVL skal ha universitetsambisjon

9 måneder siden

Det er god drahjelp at kunnskapsministeren meiner at HVL bør bli universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil, – men kvifor er det så viktig?

Det var høgskulestyret som i 2010 gjorde eit modig og framtidsretta vedtak om at HiB skal ha eit mål om å bli universitet. Om lag samstundes gjorde styret vedtak om utvikling av 3 doktorgrader, og akkreditering av mastergrader skaut fart.  På fleire måtar formaliserte desse vedtaka i 2010 HiB som ein forskingsinstitusjon, og slik sett er kanskje året 2010 like viktig i HiB-historia som 2014.

Universitetsvedtaket var ein 10-årsambisjon som var forankra i norske forskrifter, i kravet om forskingsbasert undervisning og i utviklinga av nasjonal og internasjonal UH-sektor. Det lange tidsperspektivet skulle sikre at den faglege utviklinga skulle komme bachelorgradene, sjølve fundamentet for HiB, til gode og ikkje svekke dei. Eg er overtydd om at det store biletet viser at dette har vi langt på veg lukkast med.  HiB har i 2016 ein fagleg stab med høg kompetanse innan både FoU og praksisfeltet.

Universitetsambisjonen har klart styrka den faglege utviklinga, og frå 2009 er HiB den institusjonen i Noreg som relativt sett har fått størst auke i basis blant anna gjennom mange nye masterstudieplassar og stipendiatstillingar – samla utgjer dette ei budsjettauke på over 200 mill kr. Vi har hatt jamn auke i talet på ferdige kandidatar, og forskingsproduksjonen har hatt god utvikling med 20% årleg vekst sidan 2009.

Strukturreforma har endra UH-landskapet dramatisk. I Nord-Noreg og Midt-Noreg er alle høgskular gått inn i 3 universitet.  På Austlandet vil vi om kort tid ha 5 universitet.  Vest- og Sørlandet har i dag 3 universitet og bør få eit fjerde – Universitetet på Vestlandet.

Andre gode argument for ein universitetsambisjon er:

  • Fagleg utvikling for den enkelte tilsette
  • Regional og nasjonal anerkjenning
  • Internasjonal anerkjenning
  • Konkurransen om forskingsmidlar og rekrutteringsstillingar
  • Rekruttering av vitskapleg personale
  • Rekruttering av studentar
  • Fullmakter til etablering av studiar på alle nivå

I fusjonsavtalen for HVL er universitetsambisjonen godt forankra, og det står også at den nye institusjonen skal ha store einingar på nivå 2, fakultetsnivået – med andre ord må einingane kunne forvalte og vidareutvikle det øvste nivået i norsk akademia; doktorgrader. Avtala seier ikkje noko om storleik på einingane på nivå 3, men erfaring tilseier at det er lettare å skape handlingsrom for utvikling – både innan utdanning og forsking – i større einingar enn i mindre. Og skal vi få til meir fagleg utvikling på tvers av fag og utdanningar, må ikkje skotta mellom desse vere for mange.

Til oss alle – lukke til med bygginga av Høgskulen på Vestlandet!

Legg inn en kommentar