Ole-Gunnar Søgnen

Ole-Gunnar Søgnen er rektor ved Høgskolen i Bergen.

Kunnskapsministeren meiner HVL skal ha universitetsambisjon

Det er god drahjelp at kunnskapsministeren meiner at HVL bør bli universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil, – men kvifor er det så viktig? Det var høgskulestyret som i 2010 gjorde eit modig og framtidsretta vedtak om at HiB skal ha eit mål om å bli universitet. Om lag samstundes gjorde styret vedtak om utvikling av […]

Vellukka fusjonskafé med godt oppmøte

Viktige fusjonsprosjekt om fagleg profil, organisering og digitalisering er godt i gang. På fusjonskaféen kom det mange gode spørsmål og kommentarar. Fusjonskaféen i Fyrrommet er ein uformell møteplass der du møter prosjektleiarar og andre frå høgskulen som har sentrale rollar i planlegginga av den nye Høgskulen på Vestlandet. I prosjekta drøftar ein no kva som […]

Planlegging av Høgskulen på Vestlandet er i gang

Etter at Kongen i Statsråd 17 juni i år stadfesta fusjonsvedtaket, skal vi denne hausten på best mogleg måte planlegge Høgskulen på Vestlandet. Det er eit stort og krevande arbeid som ventar oss dei næraste månadane, men eg er trygg på at vi saman vil finne gode løysingar på viktige område for den nye høgskulen.  […]

Vel overstått 17. mai!

17 mai var rektor invitert av 17 maikomitéen i Bergen som ein av talarane på Festplassen. Her kan fleire få lese talen. Gratulerer med dagen, kjære bergensarar! 17.mai er både nasjonal- og grunnlovsdag.  Å ta vare på ideala i Grunnlova, å verna om demokratiet og skapa ei god framtid for komande generasjonar, er det viktigaste […]

Kvit røyk frå Kronstad

Dei tre fusjonspartane HiB, HSH og HiSF vart sist veke samde om ei fusjonsavtale. Eg håpar og trur at styra 12. mai vil vere positive til avtalen, og at fusjonen endeleg vert vedteken i juni. Fusjonsavtalen er eit viktig og historisk dokument, og eg er stolt over min eigen institusjon som har gjennomført forhandlingane på […]

Universitetsambisjonen står fast

Vestlandet treng ein sterk høgskule med universitetsambisjon. Eit nytt landsdelsuniversitet skal byggjast med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsprofil. Det var kloke og framtidsretta vedtak høgskulestyret gjorde i 2010. Styret bestemte då at høgskulen skulle arbeide for å bli universitet innan 2020, og vidare at det skulle opprettast tre doktorgradsprogram fagleg forankra i kvar si avdeling. […]

Godt nytt år – 2016 vert spanande for HiB!

Vel møtt til eit nytt år og eit nytt semester ved HiB – både studentar og tilsette. I året som kjem går vi inn i viktige og krevjande prosessar, og vi får ekstra god bruk for den gode kompetansen og engasjementet til kvar og ein. Slik eg kjenner både dei tilsette og studentrepresentantane, er eg […]

Lyttepost for fusjons-innspel

Heile HiB-organisasjonen må etter kvart innstille seg på at det kan bli fusjonsforhandlingar etter nyttår, og at vi kan bli ein ny høgskule med eit anna namn frå 2017. Den felles utgreiinga som skal danne grunnlag for eventuelle fusjonsforhandlingar mellom HiB, HiSF og HSH er godt i gang. Det er NIFU som står for utgreiinga, […]

Spanande tider i vente

Det er gode sjansar for at HiB i 2016 skal forhandle om fusjon med andre høgskular på Vestlandet. Den nye høgskulen vil få ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsprofil og tilby utdanningar på alle nivå. Neste veke tek arbeidet til med å kartlegge status for høgskulane, enkeltvis og samla. Kartlegginga og ei felles utgreiing om dette […]

Samanslåing kan styrke oss nasjonalt

Det kan gå mot fusjon mellom høgskulane HSH, HiB og HiSF. Målet for oss på HiB må i så tilfelle vere å bidra aktivt til ein sterk og solid profesjonshøgskule på Vestlandet, som på sikt kan bli eit profesjonsuniversitet. Det vil vere i tråd med ambisjonane vi har i dag, og gje våre fagmiljø ein […]