Ole-Gunnar Søgnen

Ole-Gunnar Søgnen er rektor ved Høgskolen i Bergen.

Velkomen til nytt studieår

Denne veka tek høgskulen i mot over 2000 nye studentar. Etter særs gode søkjartal i april, er det rekordmange som har takka ja til studieplass. Komande torsdag vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ynskje dei nye studentane velkomne til HiB. Aldri har vi teke i mot studentar med så gode karakterar som dette året. Det lovar […]

Innovasjon og nyskaping på HiB – eit stort potensiale

Høgskolen i Bergen har særs gode føresetnader for å satse meir på innovasjon og entreprenørskap – og då snakkar vi om alle avdelingane ved høgskulen. Fredag 22.mai arrangerte Seksjon for forsking og ekstern samhandling eit særs godt frukostmøte om innovasjon.  På møtet fekk rekordmange deltakarar god innføring i kva innovasjon og entreprenørskap er, om kva […]

Stortingsmelding 18 – Konsentrasjon for kvalitet

Noreg må omstille seg for å møte samfunnsendringar og for å sikre velferd  i framtida, seier regjeringa.  For HiB kan stortingsmeldinga bli viktig drahjelp for å nå ambisjonar og mål. Stortingsmeldinga varslar omfattande endringar i UH-landskapet.  Alt tyder på at vi om 2-3 år vil ha 10 universitet her i landet, og 8 av desse […]

Takk for tilliten!

Det vert både spanande og  utfordrande å ta fatt på ein ny rektorperiode – tusen takk for den tilliten som er vist oss i rektoratteamet. Høgare utdanning står framfor store endringar i dei komande åra.  Om ei vekes tid vert stortingsmeldinga om struktur lagt fram, og frå 2016 skal ein ny finansieringsmodell for universitet og […]

Rektoratet stiller til val for 4 nye år

Sittande rektorat er motivert for 4 nye år og meiner høgskulen treng denne kontinuiteten i tida som kjem. HiB står framfor ein ny åremålsperiode, og det er tillyst val til ei rekkje verv mellom anna rektor og prorektor.  I samsvar med valreglementet skal desse veljast i par.  Rektor Ole-Gunnar Søgnen i par med prorektor Bjørg Kristin Selvik […]

Godt nytt år!

Om 2014 var eit spanande år for HiB, så vert ikkje 2015 særleg mindre spanande. I løpet av året vil vi sjå eit nytt institusjonslandskap for universitet og høgskular, og dette kan, saman med endringar i finansieringsmodellen, få mykje å seie for HiB si vidare utvikling. I 2015 skal tilsette og studentar for alvor nyte […]

Vil du bli leiar ved HiB?

Frå hausten 2015 startar ny åremålsperiode, og i tida som kjem vert det utlyst mange leiarstillingar ved HiB. Høgskulen har, utover rektorat og høgskuledirektør, 20 åremålstillingar, og dei fleste av desse skal no lysast ut eksternt.  Styret har vedteke at det skal nyttast ekstern hjelp ved leiarrekrutteringane til neste åremålsperiode. Åremålsstillingar for leiarar er truleg […]

60 år ung – takk for alle helsingane!

Det var overveldande å bli 60 på HiB.  Tusen takk for alle helsingane i ulike media, alle gåvene og alle dei fine orda.  Det varmar å bli sett pris på, og det inspirerer til vidare innsats. Det er ei flott reise eg har fått vore med på gjennom dei vel 11 åra eg har vore […]

Ei stor takk til dei mange!

Det vert spanande å sjå når studentane denne veka for alvor tek i bruk Kronstad og Møllendalsveien. Det er mange på høgskulen som skal ha stor takk for innsatsen gjennom mange år. Sist veke var historisk for Høgskolen i Bergen, og det blir ikkje mindre spanande komande veke når alle studentane for alvor skal ta […]

Ei ny tidsrekning for Høgskolen i Bergen

Ein 20 år gamal draum er i dag ein realitet – vi tek campus Kronstad og nye campus Møllendalsveien i bruk. Ei ny tidsrekning startar for Høgskolen i Bergen. Kjære, kjære alle tilsette – hjarteleg velkomen til Kronstad og Møllendalsveien og den nye arbeidskvardagen for oss alle. Vi har fått eit nytt utgangspunkt for å […]