Ole-Gunnar Søgnen

Ole-Gunnar Søgnen er rektor ved Høgskolen i Bergen.

God sommar, god flytting – og nye tider med SAKS!

Flytteprosessen er godt i gang – endeleg kan vi ta i bruk det nye høgskulebygget, endeleg kan vi fysisk gå rundt i det ferdige bygget vi i mange år berre har sett på teikningar og animerte bilete. I 20 år har det store målet for Høgskolen i Bergen vore å bli samlokalisert som ein høgskule.  […]

Vi går spanande tider i møte

Som om ikkje samlokaliseringsprosjektet er utfordrande nok for HiB, – no har kunnskapsministeren lansert SAKS, der den siste S-en står for samanslåing. Den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ei strukturreform som skal kome som stortingsmelding våren 2015.  Før den tid skal ei ekspertgruppe vurdere finansieringsmodellen for UH-sektoren, og den varsla langtidsplanen for […]

Høgskulen i samhandling med samfunnet

God og effektiv samhandling med samfunns- og næringslivet er ei av høgskulen sine viktigaste oppgåver.  Rådet for samarbeid med arbeidslivet (RSA) arbeider no med ein strategi for dette arbeidet. Sist fredag var det møte i RSA.  Her sit leiarar på toppnivå som representantar for sentrale samarbeidspartar frå både næringsliv, offentleg sektor og organisasjonar. På overordna […]

Sju punkt for kvalitet i høgare utdanning

Kunnskapsministeren har lansert sju punkt for kvalitet innan høgare utdanning og forsking. Mykje av dette er kjende prioriteringar, og samla sett bør Høgskulen i Bergen kome godt ut med denne politikken. Noko av det nye frå statsråden er at ei ekspertgruppe skal utgreie finansieringsmodellen i høgare utdanning. Det er kanskje på dette punktet det kan […]

God jul og godt nytt år!

Rektorat og høgskuledirektør vil med dette takke alle for flott innsats gjennom 2013. Alle som ein fortener det avbrekket ei god jule- og nyttårshelg er.  Velkomen tilbake i januar med ny energi klar til å ta tak dei mange utfordringane det komande året vil by på. På styremøtet sist tysdag fekk leiinga i oppdrag å […]

Framgang for Høgskolen i Bergen

Eit husleigenivå til å leve med, eit godt statsbudsjett og ein ny doktorgradsøknad på veg til NOKUT, er godt nytt for høgskulen. Framlegget til Statsbudsjett for 2014 frå dei raudgrøne og det endra budsjettframlegget frå Solberg-regjeringa, tyder på at HiB samla sett vil få eit godt budsjett for det neste året etter at forhandlingane er […]

Rektoratet ynskjer å møte fagmiljø og administrasjon

Vi er godt i gang med siste halvdel av denne åremålsperioden, og eit no fulltallig rektorat ynskjer å fylgje opp den gode kontakten vi fekk med fagmiljøa og administrasjonen i første del. Gjennom det første året gjennomførte vi ca 40 møte med ulike fagmiljø og med grupper i administrasjonen. Dette var særs nyttig for oss, […]

Ingeniørstudium opna i Florø – godt samspel mellom høgskule og næringsliv

Sist torsdag fekk eg vere med på ei flott opning av ingeniørstudiet i Undervassteknologi i Florø, og HiB viser at vi tek samfunnsmandatet vårt på alvor. I Flora kommune er høgskuleutdanning ein gamal draum – no er det ekspansjon i olje- og gassindustrien som gjer draumen til ein realitet. Det er eit sterkt initiativ, imponerande […]

2013 – det beste HiB-opptaket nokon sinne!

Vel møtt til nytt studieår og til ny innsats for Høgskolen i Bergen – eg håpar alle har hatt ein god og avslappande sommarferie! Opptaket av bachelorstudentar i 2013 ser ut til å bli det beste nokon sinne – både i samla omfang og med god fordeling på studieprogramma. Per 14.08 er det heile 2363 […]

Tilstandsrapport og vegen mot universitet

Kunnskapsdepartementet sin tilstandsrapport for 2012 viser at HiB er i sunn og god utvikling – ein attraktiv og effektiv utdanningsinstitusjon som også tek viktige skritt framover innan forsking. Statsråd Kristin Halvorsen la nyleg fram tilstandsrapporten for høgare utdanning der ho også såg utviklinga i lys av 10 år med kvalitetsreform. På konferansen var det semje […]