Det er gode sjansar for at HiB i 2016 skal forhandle om fusjon med andre høgskular på Vestlandet. Den nye høgskulen vil få ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsprofil og tilby utdanningar på alle nivå.

Neste veke tek arbeidet til med å kartlegge status for høgskulane, enkeltvis og samla. Kartlegginga og ei felles utgreiing om dette skal danne grunnlag for vedtak om det blir fusjonsforhandlingar vinteren 2016. Det er høgskulane HiB, HiSF og HSH som er samde om utgreiinga og om ein eventuell vidare prosess. I tillegg skal utgreiinga studere og vurdere føresetnadene for å kunne etablere ein ny, stor høgskule som om nokre år kan bli eit profesjonsuniversitet på Vestlandet. Tidspunkt for iverksetting av eit fusjonsvedtak er sett til 1. januar 2017.

Politisk leiing i KD er særs oppteken av at også Vestlandet tek grep for å ein sterkare UH- struktur slik andre landsdelar har gjort. Kunnskapsministeren er særleg oppteken av den nye 5-årige lærarutdanninga frå 2017.

I mandatet for den felles utgreiinga er ambisjonen for ein ny institusjon formulert på denne måten:

  • Å bli del av ein framtidig sterk UH-sektor på Vestlandet der dei viktigaste samarbeidspartane blir UiB, UiS og HiVolda
  • Å byggje sterkare og meir robuste fagmiljø (master, ph.d., forsking) i ein ny fleircampusinstitusjon som om få år kan bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsprofil
  • Å bli ein konkurransedyktig institusjon i både nasjonal og internasjonal samanheng – attraktiv for studentar og fagpersonar, ressurstilgang og posisjonar
  • Å sikre og videreutvikle studiestadene i dag slik at regionrolla blir betre teken vare på enn i dag
  • Å kunne svare betre på dei omstillingsbehova som vil kome

 

Eg føler meg rimeleg trygg på at HiB anno 2015 også i framtida vil kunne drive gode grunnutdanningar. Derimot er eg usikker på om vi i framtida klarar å tilby sterke nok mastergradar og makte å drive fram fire doktorgradar. Her er vi heilt avhengige av omfattande kompetanseoppbygging og å mangedoble tilføringa av eksterne forskingsmidlar.

For tida deltek HiB i fleire samarbeidsprosjekt med UiB. Dette gjeld i særleg grad teknologi og helse/omsorg. Det er også i gang samtalar om tettare samarbeid innan lærar-/lektorutdanning og innan administrative funksjonar. Eit meir systematisk og forpliktande samarbeid med UiB er viktig for HiB, og etter mitt syn må det arbeidet halde fram om vi i 2017 vert del av ein ny og større institusjon.

Som rektor er eg oppteken av at tilsette og studentar kan føle seg trygge på at det valet styret vårt har gjort, er til beste for institusjonen vår – på kort sikt, men aller mest på lengre sikt. HiB har vore i kontinuerleg positiv utvikling dei siste 10-15 åra og kan utvikle seg vidare på eigen kjøl. Vi kan likevel ikkje sjå bort frå den utviklinga mot store institusjonar som skjer i dei andre landsdelane – dette vil endre konkurransebildet for studieplassar, forskingsmidlar og nasjonale posisjonar. Bergen og Vestlandet treng ein framtidig sterk UH-struktur, og eg er overtydd om at ein ny, kraftfull høgskule vil møte omstillingsbehova på ein betre måte for regionen enn om ein ikkje tek grep no.

Det kan gå mot fusjon mellom høgskulane HSH, HiB og HiSF. Målet for oss på HiB må i så tilfelle vere å bidra aktivt til ein sterk og solid profesjonshøgskule på Vestlandet, som på sikt kan bli eit profesjonsuniversitet. Det vil vere i tråd med ambisjonane vi har i dag, og gje våre fagmiljø ein styrka posisjon nasjonalt.

Kunnskapsdepartementet har gjort det klart at regjeringa forventar at institusjonane på Vestlandet finn saman i større einingar, slik det no vert gjort i andre landsdelar. Ut frå desse klare signala går dei tre profesjonsinstitusjonane no saman om å drøfte grunnlaget for ein fusjon som kan gje Vestlandet ein ny og kraftfull profesjonshøgskule.

Denne utviklinga er godt i tråd med styrevedtaka som HiB-styret gjorde i 2014, og det er gledeleg at dei tre institusjonane no tek eit kollektivt ansvar for å ruste Vestlandet for framtidige utfordringar.

Grunnlaget for ei samanslåing, og dermed etableringa av ein ny profesjonshøgskule, skal greiast ut i laupet av hausten, dersom styret ved HiSF går inn for dette. Utgreiinga vil etter alt å dømme innebere å samle eit datasett av nøytrale opplysningar om dei ulike institusjonane, og kartlegge fakta om fagmiljø, administrasjon, organisasjon og leiing på dei ulike institusjonane. Dersom styra vedtek at dette er eit godt nok grunnlag for å kunne starte fusjonsforhandlingar, vil vi frå nyttår av sette i gang ein prosess i lag med dei andre institusjonane. Då vil vi tilstrebe involvering og medverknad på alle nivå i organisasjonen for å få ein best mogleg prosess ved HiB.

I eit tidsperspektiv på 10-15 år er det viktig at vi no legg grunnlaget for at Vestlandet har ein robust institusjon med ein storleik som gjer at vi kan halde på ein nasjonal posisjon i tildelingar av stipendiatar, studieplassar og forskingsmidlar. Også representasjon og gjennomslag i nasjonale organ vil vere avhengig av ein viss storleik for oss.

Det gode samarbeidet som no utviklar seg mellom UiB og HiB skal halde fram, også om vi får ein ny institusjon frå 1. januar 2017. Det er også i tråd med UiB sine ynskje fordi ein ser at heile landsdelen vil ha glede av kunnskapsklyngene som er under utvikling.

Det er eit mål for politisk leiing at ein eventuell fusjon kan vedtakast ved kongeleg resolusjon i juni 2016. Etter mitt syn bør ein sette alt inn på å halde denne framdrifta, som altså inneber at utgreiings- og kartleggingsarbeidet må vere ferdig til nyttår, og at konkrete fusjonsforhandlingar skjer gjennom vinteren 2016.

Eg har tru på at det var eit avgjerande og historisk møte som vart halde mellom høgskulane og departementet på Hotel Terminus denne veka. Det er på høg tid at høgskular som alle er særs viktige for sine regionar, no finn saman for i framtida å ta endå betre vare på regionrollen og dei samfunnsviktige profesjonane.

Denne veka tek høgskulen i mot over 2000 nye studentar. Etter særs gode søkjartal i april, er det rekordmange som har takka ja til studieplass.

Komande torsdag vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ynskje dei nye studentane velkomne til HiB. Aldri har vi teke i mot studentar med så gode karakterar som dette året. Det lovar godt for framtida – for god gjennomføring og i neste omgang for god søking til mastergradene våre. Difor er det viktig at vi saman tek godt vare på den store ressursen som studentane er og gjev dei den aller beste studiestarten.

Eg vil ynskje alle nye og gamle medarbeidarar hjarteleg velkomne tilbake etter sommarferie til eit nytt og spanande studieår. Denne hausten tenkjer eg spesielt på dei mange nye leiarane – dekanar og prodekanar, instituttleiarar, programansvarlege og senterleiarar. Og 18. august skal vi ynskje den nye høgskuledirektøren velkomen. Alle har teke på seg krevande leiaroppgåver, og det er viktig at vi alle hjelper til i ein krevande startfase.

Vi har no bak oss eit heilt studieår på dei nye campusane våre på Kronstad og i Møllendalsveien. Det har vore ei interessant reise, og eg vil oppfordre alle til å ta godt vare på erfaringane frå dette første året. Eg er overtydd om at vi i det komande studieåret vil bli endå flinkare til å organisere, til å bruke areal meir effektivt, og til å utnytte spesialrom og laboratorier på ein fagleg sett betre måte.

Også rektoratet startar på ein ny åremålsperiode. I oppstarten av førre periode brukte vi mykje tid på møter med dei mange fagmiljøa og ulike delar av administrasjonen. Dette vil vi gjerne halde fram med, om ikkje i like stort omfang som sist. Vi vil invitere alle miljø – faglege som administrative – til å melde interesse for eit møte med rektoratet på eit høveleg tidspunkt. Det kan vere store eller små grupper.

Det er viktige prosessar som skjer på høgskulen i haust – mellom anna skal den nye strategiske planen 2016-2020 utformast, og den faglege understrukturen skal evaluerast, og ny struktur fastsettast. Vi håpar på godt engasjement i desse sakene. Lukke til med oppstarten!

Høgskolen i Bergen har særs gode føresetnader for å satse meir på innovasjon og entreprenørskap – og då snakkar vi om alle avdelingane ved høgskulen.

Fredag 22.mai arrangerte Seksjon for forsking og ekstern samhandling eit særs godt frukostmøte om innovasjon.  På møtet fekk rekordmange deltakarar god innføring i kva innovasjon og entreprenørskap er, om kva rolle HiB kan spele i det store bildet, og vi fekk mange gode eksempel – frå alle avdelingane – på innovasjons- og nyskapingsprosjekt.

OECD definerer innovasjon som nye eller vesentleg forbetra varer, tenester, prosessar, organisasjonsformer eller marknadsføringsmodellar som vert tekne i bruk for å oppnå samfunnsnytte, her medrekna verdiskaping.  Innovasjon handlar altså ikkje berre om økonomi og konkurranseevne, men også om utvikling av offentleg sektor og ideelle organisasjonar.

Innovasjon kan kallast det fjerde samfunnsoppdraget til høgskulen, i tillegg til utdanning, forsking og formidling.  Med vår posisjon – tett på samfunns- og næringsliv med både utdanningar, forsking og utvikling – er det eit godt utgangspunkt for vidare utvikling og i større grad bli ein innovasjonsaktør.  Her meiner professor Stig-Erik Jakobsen, SfN at HiB må satse på ei brei fjerde rolle med ulike typar samspel for å bidra til innovasjon, heller enn å berre satse på ei smal rolle der kommersialisering av forretningsideear frå tilsette og studentar står sentralt.  Med den breie rolla meiner Jakobsen meir samarbeid på tvers av fag og utdanningar, etablering av klynger og partnarskap, implementering av ny praksis m.m.

Dette er sjølvsagt ikkje nytt for høgskulen, men i ei tid der samfunnet endrar seg raskare enn før,  har nettopp vi som høgare utdanningsinstitusjon eit viktig ansvar for å vere proaktive og bidra til fornying av både utdanningar og arbeidsliv.  Og som Kari Voldsund, AIØ (øk.adm) så godt skriv til meg om bruk av studentbedrifter (fritt sitert): Ungt Entreprenørskap sitt konsept for studentbedrifter bør takast i bruk i alle avdelingar på HiB, .. og ein bør tenkje gjennom kva som er viktig i undervisninga for å skape entreprenørielle «mind-set» hos studentane.

Eg er overtydd om at HiB har særs gode føresetnader for å satse endå sterkare på innovasjon og entreprenørskap.  I ei tid med store både regionale og globale utfordringar er det viktig at HiB prioriterer det fjerde samfunnsoppdraget, og at dette vert tydeleg i den nye strategiske planen som skal lagast i laupet av 2015.

Noreg må omstille seg for å møte samfunnsendringar og for å sikre velferd  i framtida, seier regjeringa.  For HiB kan stortingsmeldinga bli viktig drahjelp for å nå ambisjonar og mål.

Stortingsmeldinga varslar omfattande endringar i UH-landskapet.  Alt tyder på at vi om 2-3 år vil ha 10 universitet her i landet, og 8 av desse vil utdanne lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagkandidatar.  Det vil vere nokre få høgskular igjen, og i stortingsmeldinga seier regjeringa at nokre av desse er store nok til å halde fram som eigne institusjonar – blant desse er HiB. Ein kan difor stille spørsmål ved kvifor ikkje regjeringa alt no gjer framlegg om å endre institusjonskategoriane?

For dei minste institusjonane, særleg på Vestlandet,  vil regjeringa halde fram dialogen med institusjonane for å finne framtidig plass og rolle i den nye strukturen.  Denne dialogen skal basere seg på ei rekkje kvalitetskriteriar, og eg går ut frå at desse kriteriane også vil gjelde alle dei andre U&H-institusjonane, mellom anna dei høgskulane som med eit pennestrøk no vert universitet ved fusjon.

Dei ni kvalitetskriteriane er:

  • Årsverk i førstestillingar
  • Søking til studietilboda
  • Gjennomføring
  • Studentar sin tidsbruk
  • Vitskapleg publisering
  • Eksterne forskingsinntekter
  • Storleik på doktorgradsutdanningane
  • Internasjonal orientering
  • Samspel og samarbeid

Dette er kriterier HiB har målt seg mot i mange år – det går fram av både strategiske planar og handlingsplanar.

HiB har drive aktiv kompetanseoppbygging i lang tid, og vi nærmar oss 50% førstestillingar – eit nivå som inntil vidare kan vere passande for ein institusjon av vår type.  Innan utdanning er HiB blant dei beste i landet på dei viktige indikatorane, og det same er tilfelle for samhandling med samfunns- og næringsliv.  Vi har hatt god utvikling innan internasjonalisering og arbeider målretta for å betre innhald og relevans i samarbeidet med utanlandske institusjonar.

Den største utfordringa til HiB framover er forskinga – både kvalitet og kvantitet.  Vi er i god utvikling innan vitskapleg publisering – sidan 2009 har vi auka publiseringspoenga med 19% årleg.  Og vi vil nå målet om 45 stipendiatstillingar i laupet av 2015.  Likevel  er dei eksterne forskingsinntektene for små, og akkreditering av nye doktorgradsprogram vil dei neste åra krevje både store ressursar og målretta innsats på mange plan.

Stortingsmeldinga varslar at krava for å opprette utdanningsprogram på master- og doktorgradsnivå vil bli skjerpa, og at krava for universitetsakkreditering vil bli stramma inn. Mellom anna må to av dei fire doktorgradsprogramma ha minst 5 kandidatar årleg over tre år, og tilsvarande må fire program ha minst 15 stipendiatar kvar over tid.

Dette er overkomeleg for HiB – vi kan halde fast ved ambisjonen om universitetsstatus, men vi  vil nok trenge nokre år ekstra utover 2020.

Det vert både spanande og  utfordrande å ta fatt på ein ny rektorperiode – tusen takk for den tilliten som er vist oss i rektoratteamet.

Høgare utdanning står framfor store endringar i dei komande åra.  Om ei vekes tid vert stortingsmeldinga om struktur lagt fram, og frå 2016 skal ein ny finansieringsmodell for universitet og høgskular implementerast.  Per dato kan det sjå ut som om HiB kan halde fram som sjølvstendig høgskule, sjølv om stortingsmeldinga truleg ikkje vil lansere den endelege løysinga for Vestlandet.  Likevel vil UH-Norge på ingen måte bli som før – av 15 færre høgskular etter 2010 ser alle ut til, på litt sikt, å gå inn i universitet.  8 av dei 10 universiteta vil utdanne sjukepleiarar og ingeniørar, og blant dei høgskulane som vert att vil HiB vere den største.  Bør ikkje regjeringa dermed også  gjere noko med institusjonskategoriane -universitet, vitskapleg høgskule og høgskule?

I rektoratet si programerklæring har vi lova å sette utdanningskvalitet i sentrum – utdanningsleiing, pedagogiske tiltak, digitalisering og meir til.  Og vi meiner at gode grunnutdanningar er avgjerande for å realisere ambisjonane til høgskulen.  HiB har sidan 2010 arbeidd systematisk og målretta mot fulle løp frå bachelor til doktorgrad innanfor dei viktigaste utdanningsområda .  Om 2-3 år kan dette målet vere nådd.

Etter samlokaliseringen på Kronstad og i Møllendalsveien, er det gledeleg at vi alt no ser at fagmiljø frå ulike fagtradisjonar finn kvarandre.  Eit eksempel er idrett, fysioterapi og bioingeniørfag.  På det nye og oppdaterte fysiologiske idrettslaboratoriet samarbeider fagfolk frå alle tre avdelingane i fleire ulike forskingsprosjekt.

Høgskulen går framleis gjennom ei endring der nye rutinar, nye samarbeidsformer og viktige forvaltningsoppgåver krev mykje av oss. Med eit godt og svært kompetent lag av fagleg og administrativt tilsette har vi dei beste føresetnader for å nå måla våre. Difor er det både ei ære og ei glede å få lov til å vere med på å leie høgskulen vidare.

Til hausten startar ein ny åremålsperiode med nye leiarar i mange posisjonar.  Ta godt i mot dei nye leiarane  – vi har alle ansvar for å gjere kvarandre gode!

Sittande rektorat er motivert for 4 nye år og meiner høgskulen treng denne kontinuiteten i tida som kjem.

HiB står framfor ein ny åremålsperiode, og det er tillyst val til ei rekkje verv mellom anna rektor og prorektor.  I samsvar med valreglementet skal desse veljast i par.  Rektor Ole-Gunnar Søgnen i par med prorektor Bjørg Kristin Selvik stiller som par i dette valet.

Det tredje medlemmet i rektoratet, viserektor for forsking, skal peikast ut av rektoratet og godkjennast av styret, men ein kan også stille til val med ein kandidat for dette vervet.  Sittande rektorat er eit godt team, og som rektor er eg glad for at også sittande viserektor for forsking, Eva Haukeland Fredriksen, har sagt seg villig til å ha vervet i fire år til.

For oss tre i rektoratet er det eit privilegium å få leie ein så samfunnsviktig institusjon som Høgskolen i Bergen.  Høgskulen har ambisjonar og set seg djerve mål, og vi synes vi har klart å arbeide godt med dette i ei krevande tid for institusjonen.  I ein slik samanheng er 4 år kort tid, og vi har lyst til å vidareføre det arbeidet vi er godt i gang med.

Godt nytt år!

, rektor
2 år siden

Om 2014 var eit spanande år for HiB, så vert ikkje 2015 særleg mindre spanande. I løpet av året vil vi sjå eit nytt institusjonslandskap for universitet og høgskular, og dette kan, saman med endringar i finansieringsmodellen, få mykje å seie for HiB si vidare utvikling.

I 2015 skal tilsette og studentar for alvor nyte godt av dei to nye campusane vi tok i bruk sist haust.  Eg har tru på at vi gjennom året betre og betre vil tilpasse oss dei nye omgivnadene både på Kronstad og i Møllendalsveien, og at vi gradvis vil oppleve velfungerande campusar der både bygningar og dei mange systema og teknologiane rundt oss fungerer som tiltenkt. Det er også viktig at vi relativt raskt finn ut korleis vi best mulig kan utnytte campus Kronstad i høve til dei behova høgskulen vil ha for areal gjennom dei neste 5-10 åra.   I 2015 bør høgskulen på eige initiativ få utarbeidd byggjeprogram og skisseprosjekt for eit tilleggsbygg, og arbeidet med finansiering av bygget må intensiverast.

På styremøtet i desember gav styret klarsignal for å starte opp to viktige prosessar; arbeidet med ny strategisk plan for perioden 2016-2020, og evaluering av fagleg understruktur på avdelingane.  Høgskulen vil få eit nytt styre frå 1. august 2015, men det er viktig for det sittande styret å følgje begge desse prosessane eit stykke på veg.  Styret ynskjer at evaluering av understruktur skal prioriterast, men ber også om at strategiarbeidet er godt i gang før styret sitt siste møte i juni 2015.

Eg har forståing for at mange kanskje vil meine at på grunn av alt det usikre kan slike prosessar vente.  Etter mitt syn er både strategi og fagleg organisering avgjerande for om høgskulen vil nå dei langsiktige måla.  Uansett utfall av strukturreform og andre endringar, vil ambisjonar stå ved lag – det har styret vedteke i to omgangar i haust.  Difor er det nødvendig at vi får gode prosessar og at heile organisasjonen tek del i utviklinga av det framtidige HiB.

Frå hausten 2015 startar ny åremålsperiode, og i tida som kjem vert det utlyst mange leiarstillingar ved HiB.

Høgskulen har, utover rektorat og høgskuledirektør, 20 åremålstillingar, og dei fleste av desse skal no lysast ut eksternt.  Styret har vedteke at det skal nyttast ekstern hjelp ved leiarrekrutteringane til neste åremålsperiode.

Åremålsstillingar for leiarar er truleg komne for å bli – mykje er positivt, men ei opplagd ulempe er at det kan bli mange utskiftingar i leiinga på ein gong.  Dette kan lett resultere i at ein god utviklingstakt stoppar litt opp den første hausten etter leiarskifte.  Difor håpar eg at mange av de som er leiarar no, og som har høve til å søkje ny periode, vurderer å gjere det.

Eg håpar også at de som har ambisjon om å bli leiarar på ulike nivå i organisasjonen vår, tenkjer nøye gjennom dette.  Om de føler at tida ikkje heilt er inne no, kan det likevel liggje mykje læring i ein søkjeprosess. Det er også viktig å orientere seg om leiarutviklingsprogramma som personalseksjonen kan tilby.

Rekruttering av leiarar er viktig for ein organisasjon.  Vi treng mange gode kandidatar – kjenner du eller veit du om nokon som kan vere aktuell som leiar hos oss, – oppmod dei til å søkje eller meld frå til personalseksjonen, rektoratet eller høgskuledirektøren.  Med ekstern hjelp vil denne personen bli kontakta om mogleg interesse.

Lukke til med tankar om kanskje å bli leiar, – og ei god førjulstid til alle!

Det var overveldande å bli 60 på HiB.  Tusen takk for alle helsingane i ulike media, alle gåvene og alle dei fine orda.  Det varmar å bli sett pris på, og det inspirerer til vidare innsats.

Det er ei flott reise eg har fått vore med på gjennom dei vel 11 åra eg har vore leiar her på HiB. Det å arbeide i ein kunnskapsorganisasjon er eit privilegium – det å ha rundt seg så kunnskapsrike medarbeidarar og så flinke og engasjerte studentar, er eit privilegium i 2. potens.  Eg er blitt utfordra og eg har fått utfolde meg på mange plan – også på plan eg ikkje ante eg måtte prestere.  Nybyggprosjektet var for meg som byggingeniør ein viktig motivasjon då eg søkte jobb i 2003 og då eg stilte til val i 2011 – eg har lært så mykje og eg har mykje å takke HiB for.

Det er ei ære å få  vere rektor for HiB i slik ein populær, og nesten komplett utdanningsby som Bergen er.  Høgskulen har vore i kontinuerleg, positiv utvikling i alle desse åra, og som høgare utdanningsinstitusjon er vi heilt i spiss nasjonalt på fleire område.  I mi tid som dekan og rektor har eg hatt stor glede av, og blitt inspirert av, den responsen høgskulen har fått frå arbeidslivet.  Å vere tett på det samfunnet vi skal tene – det offentlege, næringslivet, kultur- og organisasjonslivet – er avgjerande for den vidare utviklinga.  Her må vi bli endå betre lyttarar, for det er formidable samfunnsutfordringar som skal taklast og som HiB i framtida skal gje sine viktige bidrag til. Eit kinesisk ordtak høver godt her:  « .. dersom du ikkje endrar retning, kan du lett ende opp der du er på veg.»

Så takk til alle vener og kollegaer ved HiB, samarbeidspartnarar og andre, for den fine merksemda på dagen min, og for at de alle er med og løftar fram Høgskolen i Bergen i lag med meg!