Det vert spanande å sjå når studentane denne veka for alvor tek i bruk Kronstad og Møllendalsveien. Det er mange på høgskulen som skal ha stor takk for innsatsen gjennom mange år.

Sist veke var historisk for Høgskolen i Bergen, og det blir ikkje mindre spanande komande veke når alle studentane for alvor skal ta både Kronstad og Møllendalsveien i bruk. Tidlegare høgskuledirektør Nils Mæhle har skrive historia om Kronstadutbygginga, og i heftet som kjem ut til den offisielle opninga i september, fortel Mæhle om ein lang og krevjande prosess som har vart i over 20 år.

Statsbygg har vore byggherre etter at ein for alvor kom i gang med planlegginga i 2003. Byggherren seier at dei knapt har opplevd ein så omfattande og god brukarmedverknad som i dette prosjektet. Det var viktig under programmeringa tidleg på 2000-talet, og det har ikkje minst vore viktig etter at bygging kom i gang i 2010. Det var ei viktig avgjerd som vart teken då ein i så stor grad ynskte at våre eigne tilsette og studentar aktivt skulle ta del i dei særs mange prosessane rundt samlokaliseringa – bygget, flyttinga, organisasjonen og mykje meir. Eg føler meg trygg på at dette har skapt ein sterkare eigarskap til det resultatet vi ser i dag, og at vi vil ha stor glede av dette i den komande tida.

Det er altså mange som skal ha stor takk, og vi snakkar om hundrevis av tilsette og studentar som har delteke i råd, utval og grupper. Nokre tilsette har hatt byggeprosjekta meir eller mindre som heiltidsjobb dei siste åra. – Høgskuledirektøren har vore prosjekteigar i høgskulen sine eigne prosjekt og har dermed hatt det store ansvaret det er å halde dei mange prosessane i gang, og å få teke alle dei store og små avgjerdene. – Personaldirektøren har hatt ansvar for nødvendig omstilling i organisasjonen. – Prosjektdirektør og assisterande prosjektdirektør har på heiltid arbeidd med både bygge- og flytteprosjektet, og hatt det omfattande ansvaret som bindeledd mellom byggherre og brukar. Skal eg bruke nøkkelpersonar om nokon må det vere desse to.

Ser vi litt lenger tilbake, vil eg gjerne også ta med dei eg vil kalle pionerar – Nils Mæhle er alt nemnd, direktør frå 1994-2009, og dei tre rektorane etter 1994 som alle spelte viktige rollar i dei mange fasane fram mot realisering av det som i dag står fram som den flottaste UH-campusen i Norge.

Ei stor takk til alle saman!

Ein 20 år gamal draum er i dag ein realitet – vi tek campus Kronstad og nye campus Møllendalsveien i bruk. Ei ny tidsrekning startar for Høgskolen i Bergen.

Kjære, kjære alle tilsette – hjarteleg velkomen til Kronstad og Møllendalsveien og den nye arbeidskvardagen for oss alle. Vi har fått eit nytt utgangspunkt for å utføre kjerneoppgåvene våre, og ein fantastisk sjanse til å gjere HiB til ein endå betre høgskule.

Campus Kronstad er eit særs stort og innhaldsrikt bygningskompleks. Sjølv om teikningar er studert og synfaringar gjennomført, er eg sikker på at det vil ta tid å bli kjend med dei mange bygningane, romma, trappene, utstyret og mykje meir. Bruk dei neste 2-3 vekene til dette – prosjektleiinga, driftsorganisasjonen og kommunikasjonsseksjonen har lagt godt til rette.

Campus Kronstad er for alle tilsette ved høgskulen. For meg er det viktig at alle, fagmiljø som administrasjon, føler seg velkomne begge stader og bidrar til sambruk og god flyt mellom dei to studiestadene.

Det er den neste store brukargruppa eg er aller mest spent på – dei nye studentane kjem 20. august, og frå den 25. skal det myldre av nye og gamle studentar på Kronstad og i Møllendalsveien. Korleis vil alle desse ta i bruk dei nye campusane? Korleis vil dei oppleve brukarservice, auditoria, arbeidsplassane, biblioteket og kantina? Dette året skal vi ta ekstra godt imot studentane, og gje dei den best moglege starten i nye omgivnader.

Kunsten møter du utandørs, og inne er nye og gamle kunstverk stort sett på plass. Men det største kunstverket meiner eg er sjølve bygningen – den unike arkitekturen, materialvalet, detaljane, fargane og møblane. I fellesareala kan du stoppe opp kvar som helst – ta deg tid til å studere den harmoniske samansetjinga av gamalt og nytt, materialar og fargar. Alt er gjennomtenkt til minste del – funksjon og estetikk – kvalitetsikra av oss sjølve gjennom meir enn 10 år. Formelt er det staten som eig, men høgskulen sine tilsette har bygd eit sterkt, symbolsk eigarskap.

Høgskulebygget på Kronstad fornyar ein bydel – det står fram som solid, spanande og moderne – men likevel tidlaust . Forankringa til 100 års industrihistorie opplever du både ute og inne. Alt dette kjenneteikn på det omdømet vi så sterkt ynskjer at Høgskolen i Bergen skal ha og den kvaliteten vi skal stå for.

Flytteprosessen er godt i gang – endeleg kan vi ta i bruk det nye høgskulebygget, endeleg kan vi fysisk gå rundt i det ferdige bygget vi i mange år berre har sett på teikningar og animerte bilete.

I 20 år har det store målet for Høgskolen i Bergen vore å bli samlokalisert som ein høgskule.  No er vi nesten der med to campus – og mange spør: Kor mykje ein høgskule er vi? For meg er ikkje grad av einskapleg høgskule det viktigaste – det viktigaste er om institusjonen vår kvart år leverer kandidatar og FoU-resultat som fyller samfunnsbehovet på ein god måte. Etter 1994 gjekk det mange år med institusjonsbygging og intern organisering.  På 2000-talet har HiB – på 5-6 studiestader – blomstra og utvikla seg fagleg og i volum som knapt nokon vågde å tru i 1994.  Denne utviklinga har i tillegg skjedd i ei aldrande bygningsmasse og etter kvart tronge og utilpassa areal.

Samfunnet har investert ca 2,5 milliardar kr i det nye høgskulebygget på Kronstad.  Eg har stor tru på at ein (nesten) samlokalisert høgskule vil gje institusjonen eit løft i den vidare utviklinga.  Det at ein stor institusjon i så stor grad får samla studentar og fagmiljø i nye, moderne læringsfasilitetar er unikt i Norge.  Det vert hevda med tyngde at framtida krev løysingar på tvers av tradisjonelle faggrenser.  No er det opp til oss å vise at vi, som eit meir integrert høgskulesamfunn, kan bidra til å vidareutvikle velferdsamfunnet vårt og til å takle store samfunnsutfordringar som klima, miljø og helse.

Midt oppe i store endringar for HiB melder politisk leiing i KD om strukturreform og endringar i finansieringsmodellen.  Det skal lagast stortingsmelding om institusjonslandskapet, og alle universitet og høgskular skal innan 1. november 2014 melde inn korleis ein ser sin eigen institusjon i dette landskapet.  Det er varsla færre institusjonar, men det styrande for endringane skal vere kvalitet, robuste fagmiljø og effektivitet.

Eg er oppteken av at vi på den særs korte tida klarar å få heile organisasjonen med i drøftingane om høgskulen si framtid.  Eit forsterka dekanmøte vert den sentrale arbeidsgruppa, og dekanane skal etablere avdelingsvise arbeidsgrupper. På leiingsnivå er det laga ein omfattande møteplan for leiarmøter, styremøter og møter i Vestlands-samarbeidet UH-nett Vest.  På avdelingane er det viktig at temaet vert teke opp på leiar- og institutt-/seksjonsmøter og i avdelingsråda.  Det er sjølvsagt at dette også vert tema på informasjons- og drøftingmøta sentralt og på avdelingane.

Det er altså all grunn til å ynskje alle tilsette ein god og energigjevande sommarferie – og velkomen tilbake i nye omgivnader 4. august.

 

Innspill til arbeidet med framtidig struktur i universitets- og høyskolesektoren  (pdf, 634kb)

Oversikt over dialogmøter – dato og sted (pdf, 185kb)

Som om ikkje samlokaliseringsprosjektet er utfordrande nok for HiB, – no har kunnskapsministeren lansert SAKS, der den siste S-en står for samanslåing.

Den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ei strukturreform som skal kome som stortingsmelding våren 2015.  Før den tid skal ei ekspertgruppe vurdere finansieringsmodellen for UH-sektoren, og den varsla langtidsplanen for forsking og høgare utdanning skal vere grunnlag for 2015-budsjettet.

Det er kvalitet, robuste fagmiljø og effektivitet som skal vere premissane for  SAKS  – samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing.  Færre skal få såkalla akademiske fullmakter for mellom anna å oppnå ein høgare såkalla akademisk standard.  Politisk leiing vil at det mest skal handle om institusjonar og i mindre grad om studiestadar.

Solberg-regjeringa har altså uttalt kvar ein vil med høgare utdanning – det neste no er at ein ber alle dei statlege UH-institusjonane om å tenkje gjennom vegen dit.  Og vi får kort tid på oss.  Alt 01.11.14 skal institusjonane, etter styrevedtak i oktober,  sende svaret til  KD.  I september har kunnskapsministeren varsla regionmøter om temaet.

Det er eit stort spørsmål som vert stilt:   Kva rolle bør vår høgskule spele, og kva ansvar bør vi ta,  – i samfunnsutviklinga dei komande tiåra?  Dette skal vurderast ut frå både regionale, nasjonale og globale utfordringar, og demografisk utvikling er nemnt spesielt.

Etter mi vurdering må vår høgskule først tenkje på posisjonen i Bergen og Bergensregionen.  Dernest må vi tenkje Vestlandet – kva kan vi få til av styrking innanfor samarbeidsnettverket UH-nett Vest?  Vidare må vi ha med oss både det nasjonale og internasjonale perspektivet.

Denne reforma kan samanliknast med distrikthøgskulereforma på 1970-talet og høgskulereforma i 1994.  Det er all grunn til å ta ambisjonane til politikarane på alvor – og det er lov tenkje både nytt og stort.

Tallene for innregistreringer i Cristin for 2013 er nå klare. Den totale registeringen av publisering, samt bruker- og allmennrettet formidling ved HiB var i fjor 1159. Dette er ca. 200 flere enn i 2012. I 2013 produserte vi 131,57 publikasjonspoeng, fordelt på 275 innregistrerte publikasjoner. Dette er bra! Bak disse tallene ligger mye godt arbeid, og mange arbeidstimer. Vi oppfyller samfunnsmandatet vårt om å utføre forskning, kunstnerlig- og faglig utviklingsarbeid av høy kvalitet. Vi oppfyller også formidlingsansvaret vårt. Dette skal vi selvsagt fortsette med.

I disse dager kunngjøres tildelingen av FoU-tid ved HiB for 2014-15, og jeg anbefaler alle ansatte som får tildelt FoU-tid for neste studieår om å planlegge nøye hvordan de helst ønsker å benytte denne tidsressursen. Den enkelte ansatte må diskutere planene med sin nærmeste leder, som oppfordres til å legge best mulig til rette. Dette arbeidet bør starte så snart som mulig, slik at man kan legge timeplaner som både ivaretar en hensiktsmessig bruk av FoU-tid og utdanningenes behov for undervisningspersonale.

Det er mange som ønsker seg sammenhengende forskningstid, men behovene er individuelle. Noen ønsker seg en uke eller to, andre ønsker seg 2-3 måneder sammenhengende forskningstid som kan gi mulighet for et utenlandsopphold. Slike sammenhengende tidsperioder kan skapes via kollegialt samarbeid om undervisning, avlastning i eksamensperioder, eller avvikling av undervisning i mer konsentrerte perioder.

Erfaringen viser at FoU-arbeidet ofte blir en salderingspost i travle hverdager, selv om dette arbeidet er sidestilt med andre arbeidsoppgaver, og selv om de faglige lederne er ansvarlige for å legge til rette. Det er viktig å slå fast at FoU-arbeidet ikke skal være en salderingspost. Vi har et felles ansvar for at dette arbeidet sidestilles med andre arbeidsoppgaver ved Høgskolen, og at de ansatte får forutsigbare arbeidsforhold og gode vilkår for sitt arbeid med forskning og utvikling. Slik at den positive utviklingen innen forskning og formidling kan fortsette.

God og effektiv samhandling med samfunns- og næringslivet er ei av høgskulen sine viktigaste oppgåver.  Rådet for samarbeid med arbeidslivet (RSA) arbeider no med ein strategi for dette arbeidet.

Sist fredag var det møte i RSA.  Her sit leiarar på toppnivå som representantar for sentrale samarbeidspartar frå både næringsliv, offentleg sektor og organisasjonar. På overordna nivå får høgskulen her tilbakemeldingar, råd og innspel som skal gjere høgskulen endå betre på samhandling med samfunnet rundt oss.

Driv vi utdanningar med høg nok kvalitet og er dei relevante nok?  Er forskings- og utviklingsarbeidet vårt i god nok grad praksisretta og styrkjer dette arbeidet utdanningane?  Kan vi arbeide saman med aktørar i samfunnet for å sikre høgskulen betre rammevilkår? Dette er sentrale spørsmål for RSA.

Rådet er utan tvil imponert over alt det gode arbeidet som høgskulen gjer på dette feltet. Det er eit stort mangfald, og aktiviteten og oppdragsmengda er aukande. Rådet er difor mest oppteken av kva utfordringar som ligg framfor oss: – Klarar høgskulen å aksle ei endå viktigare og større rolle i utviklinga av helse- og omsorgstenester for framtida? – Korleis kan høgskulen klare å utdanne mange og gode nok lærarar i ei tid med stadig nye reformer? – Kva med initiativ og tiltak som vil styrkje samarbeidet på Vestlandet?

Dagen før RSA-møtet vitja statssekretær Paul Chaffey høgskulen.  Han delte ut midlar til dei beste prosjekta innan kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø. Her er HiB sentral part i eit samarbeid mellom industrien, særleg på Osterøy, vidaregåande skule og teknisk fagskule i Bergen.  Her er det snakk om rett kompetanse på ulike nivå og utvikling av ei CNC- og robotnæring som mange meinte, for få år sidan, ikkje kunne overleve i Norge.

– Eit svært relevant og godt prosjekt, i fylgje høgskulen sitt Råd for samarbeid med arbeidslivet!

Nå foreligger evalueringsrapporten, som viser en stor økning i forskningsproduksjonen etter 2004, og som ikke finner indikasjoner på at kvaliteten er forringet.

Publiseringsindikatoren, det såkalte tellekantsystemet, ble innført i hele UH-sektoren i 2004. Hensikten med dette systemet var å skape en universalmodell med like indikatorer for alle fagområder i sektoren som kunne brukes til å stimulere til økt forskningsomfang gjennom innføring av en mer resultatorientert premiering av forskning.

For å unngå senkning av kvaliteten, ble det samtidig innført en nivådeling i publiseringskanalene. Publiseringer i kanaler på nivå 2 medfører høyere uttelling i publikasjonspoeng enn publiseringer på nivå 1. Dette premieringssystemet er et nullsumspill som fordeler ca. 2 prosent av de samlete midler til UH-sektoren.

Evalueringsrapporten, utført av Aarhus Universitet på oppdrag fra UHR, viser at det har vært en stor økning i antall publiseringer og publiseringspoeng i perioden 2004-12, og at denne økningen er vesentlig større enn økningen i ressurser i samme periode.

Det er ingen indikasjoner på endringer av forskningskvaliteten (målt ut fra andelen av nivå 2 publikasjoner). Men tellekantsystemet har ulike konsekvenser for ulike fagområder. Det ser ut til at virkningen av indikatoren har vært større i bunnen av systemet, dvs. der hvor publiseringsaktiviteten i utgangspunktet var lavest. Det ser også ut til at det har foregått en omfordeling av resurser fra store til mindre institusjoner. I tillegg til dette, har indikatoren vært brukt svært ulikt på tvers av institusjonene i sektoren. Den har i mange tilfeller blitt brukt som et belønningssystem på individuelt nivå. Men indikatoren ble utviklet som et redskap til bruk på aggregert nivå.

Rapporten oppfordrer til at man må gjøre vesentlig mer – på alle nivå – for å sikre at publiseringsindikatoren anvendes hensiktsmessig.  Forfatterne etterlyser faglige diskusjoner innen hver enhet om hva man ønsker å prioritere og hvilken balanse man ønsker mellom forskjellige hensyn og aktiviteter, slik at indikatoren kan anvendes mest mulig hensiktsmessig på lokalt nivå. Det er en utfordring å sikre gode og legitime måter å vurdere og å belønne forskjellige typer av aktiviteter, slik at innsats innenfor områder som ikke er dekket av  indikatorer også  anerkjennes og belønnes.

Denne rapporten gir interessante innspill til faglige diskusjoner. Den kan lastes ned her: http://www.uhr.no/documents/Evaluering_af_den_norske_publiceringsindikator.pdf

Kunnskapsministeren har lansert sju punkt for kvalitet innan høgare utdanning og forsking. Mykje av dette er kjende prioriteringar, og samla sett bør Høgskulen i Bergen kome godt ut med denne politikken.

Noko av det nye frå statsråden er at ei ekspertgruppe skal utgreie finansieringsmodellen i høgare utdanning. Det er kanskje på dette punktet det kan ligge mest spenning for HiB.

Det var på den årlege kontaktkonferansen med høgare utdanning at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterte sju punkt som skal prege utdannings- og forskingspolitikken til den nye regjeringa. Punkta om langtidsplan og finansieringsmodell er kjende frå den raudgrøne regjeringa, men for finansieringspunktet skal det altså settast ned ei ekspertgruppe med nytt mandat.

Vil ein endra finansieringsmodell føre til omfordeling av ressursar frå for eksempel høgskulane til elitesatsing på dei største universiteta? Ei slik elitesatsing, der målet er fleire framifrå forskingsmiljø i internasjonal tet, er varsla i eit av dei sju punkta.  Eller vil ein gjennomgang av finansieringsmodellen føre til at høgskulane vert finansierte for den forskinga som i stadig større  grad skjer ved høgskulane og som Kunnskapsdepartementet ynskjer at vi skal utføre?

Eit anna punkt er ynsket om ein større suksessrate i det komande EU-programmet Horizon 2020. Her bør høgskulane finne sin plass og gje sitt bidrag – Horizon 2020 handlar om innovasjon meir enn tidlegare.  Skal ein få dette til må slik forsking stimulerast på nasjonalt plan i mykje større grad enn i dag, og høgskulane må få ressursar til krevjande søknadsprosessar.

SAK-politikken dei siste åra, som vart resultatet av Stjernø-utvalet si innstilling frå 2008, skal no gåast gjennom i ei varsla stortingsmelding om strukturen i høgare utdanning.  Dette er positivt, og HiB bør ikkje frykte utfallet av ei slik melding.  Høgskulen vår bør heller førebu seg på nye oppgåver – enten det handlar om å utdanne fleire kandidatar, eller å måtte ta på seg oppgåver på vegne av eit større geografisk område.

Lærarutdanninga er eit særs viktig område for Solberg-regjeringa – sjølve «grunnmuren i kunnskapssamfunnet».  Om ein ser bort frå eit større trykk på vidareutdanning, kan eg førebels ikkje sjå dei store endringane i høve til dei raudgrøne.  5-årig lærarutdanning er varsla, men utan tidsplan og gjennomføringsmåte.  Høgskulen er godt førebudd på ei slik reform – vi har alt utvikla masterutdanningar som kan byggjast på i ei femårig integrert lærarutdanning.  Men av omsyn til faren for mogleg lærarmangel og vår eiga oppbygging av fagpersonale, bør implementeringa skje gradvis.

Rektorat og høgskuledirektør vil med dette takke alle for flott innsats gjennom 2013.

Alle som ein fortener det avbrekket ei god jule- og nyttårshelg er.  Velkomen tilbake i januar med ny energi klar til å ta tak dei mange utfordringane det komande året vil by på.

På styremøtet sist tysdag fekk leiinga i oppdrag å takke alle tilsette for ein fantastisk flott jobb i særs krevjande tider.  Styret er imponert over at ein, på ein så bra måte, ser ut å klare begge må-oppgåvene – drive høgskulen på normal og god måte, og samstundes gjennomføre samlokaliseringsprosjektet.

Med ynskje om ei riktig god julehelg og eit godt og fredfullt nytt år!

På vegne av rektoratet og høgskuledirektør

Ole-Gunnar    Bjørg Kristin    Eva    Audun

Eit husleigenivå til å leve med, eit godt statsbudsjett og ein ny doktorgradsøknad på veg til NOKUT, er godt nytt for høgskulen.

Framlegget til Statsbudsjett for 2014 frå dei raudgrøne og det endra budsjettframlegget frå Solberg-regjeringa, tyder på at HiB samla sett vil få eit godt budsjett for det neste året etter at forhandlingane er over i desember. Det ser ut som tilleggsproposisjonen vil innebere endå større aktivitet ved høgskulen. Det er kome forslag om eit endå større etter- og vidareutdanningsløft for lærarar, og det vil kome nye millionar til utstyr for ingeniørutdanningane. I tillegg er den resultatbaserte forskingspotten auka med 100 mill kr.

Forslaget om husleigekompensasjon etter flytting til Kronstad/MDV, er til å leve med. Dette medfører at HiB må betale 25-30 mill kr meir i husleige i 2015 enn vi ville gjort med situasjonen i dag. Denne differansen har vi delvis tilpassa oss til over fleire år, men det er og på det reine at vi vil oppleve stramme budsjett i åra som kjem. Med ein meir samla høgskule og med moderne og effektive lokale, bør vi ha gode føresetnader til å klare dette på ein måte som gjer at vi ikkje treng å endre på ambisjonane våre.

I mai i år sende HiB den første ph.d-søknaden til NOKUT for akkreditering – Studiar av danning og didaktiske praksisar. I slutten av oktober hadde vi besøk av internasjonalt samansett fagkomité der vi fekk skryt for både planlegging og gjennomføring av besøket. Om få månader får vi vite resultatet. For vel ei veke sidan sende vi den andre ph.d-søknaden til NOKUT – Kunnskapsbasert praksis i helsefag. Igjen er eg imponert over det målretta og langsiktige arbeidet, over det vitskaplege nivået og den enorme innsatsen i søknadsfasen frå både fagmiljø og forskingsadministrasjon.

Både regjeringserklæringa og synspunkt frå ny politisk leiing i Kunnskapsdepartementet, tyder på at ein inntil vidare vil stanse etablering av fleire universitet. Det er vidare varsla ei evaluering av dei 4 nye universiteta. For HiB vil det truleg berre vere positivt med ei kvalitetsvurdering av UiS, NMBU, UiA og UiN. Det er vanskeleg å tenkje seg at resultatet av ei slik evaluering kan bli særleg annleis enn den NOKUT kom fram til då dei akkrediterte institusjonane som universitet for berre få år sidan.